24 november 2011 vart det lansert ei ny heimeside for samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta innanfor lokalsjukehusområdet til Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sykehus.

 

Her vil ein kunne finne: Oversikt over samarbeidsstruktur mellom kommunane og sjukehusa i området, aktuelle samarbeidsavtaler, informasjon om fagleg samarbeid m.v.

 

 

  SISTE NYHEITER OM SAMHANDLING I OMRÅDET:  

 

 

Som eit ledd i gjennomføringa av samhandlingsreformen vart det lovpålagt å inngå ei rekke lokale samarbeidsavtaler mellom kommunane og spesialisthelsetenesta. (Jfr. nasjonal veileder.) Totalt avtaleverk iht. lovkrav skal være på plass innan 1.7.2012. 

 

Følgjande avtaleprosessar vart gjennomført våren 2012:

 

 - Hovudprosjektgruppe for utarbeiding av ny overordna samarbeidsavtale, og for å oppnå semje om kva helse- og omsorgsoppgåver forvaltningsnivåa er pålagt ansvaret for, samt ei felles oppfatning av kva tiltak partane til einkvar tid skal utføre.

Leiar av dette arbeidet har vore Astrid Toft (daglig leiar av KS Hordaland), og her er ei oversikt over resten av deltakarane i arbeidsgruppa. Følgjande avtaleutkast for ny overordna samarbeidsavtale og for tenesteavtale1 er no sendt ut for formell handsaming.

 

- Samarbeid knytt til innlegging, utskriving, habilitering, rehabilitering og lærings- og meistringstilbod for sikre samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester.

Følgjande arbeidsgruppe leverte utkast for tenesteavtale 2.

 

- Gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling for faglige nettverk og hospitering, samt samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid.

Her er ei oversikt over arbeidsgruppa, som leverte utkast til to tenesteavtaler: Tenesteavtale 6 og tenesteavtale 7.

 

- Jordmorteneste 

Her er oversikt over arbeidsgruppa som har levert følgjande utkast for ei  tenesteavtale 8, som gir retningsliner for samhandling omkring svangerskap, fødsel og barsel. 

 

- IKT-løysingar 

Følgjande arbeidsgruppe var engasjert i å utarbeide tenesteavtale 9.

 

- Førebygging 

Her er arbeidsgruppa som utarbeida tenesteavtale 10 - om førebygging

 

I tillegg vart avtalen om helsemessig beredskap supplert med ein plan for den akuttmedisinske kjeda i ei ny felles tenesteavtale 11 og 12. Det vart også utarbeida ein felles Tenesteavtale nr  4, som beskriv prosessen omkring etablering av eit kommunalt øyeblikkelig hjelp døgntilbod.

 

- Om avtaleprosessen: 

10. februar vart deltakarane i alle arbeidsgruppene samla i eit felles oppstartsmøte med Styringsgruppa for avtalearbeidet. Arbeidsgruppene hadde frist til å levere utkast til avtaler til den 27. april. 3. mai heldt alle samarbeidsutvala eit fellesmøte for å handsame avtaleutkasta. I etterkant av dette møtet vart avtaleutkasta sendt ut til formell handsaming hjå partane.

 

Så snart avtalene er signert av alle partar vil dei bli publisert i venstremenyen på denne sida, som gjeldande samarbeidsavtaler. 

 

Det er oppretta eit nytt punkt for styringsdata i venstremenyen. Her vil både Haraldsplass Diakonale Sykehus og Helse Bergen legge ut tall over utskrivingsklare pasientar så snart disse er klare, og med ein minimum månadleg frekvens for oppdatering.

 

På lengre sikt er det også aktuelt å utvikle dette menypunktet til å omfatte andre styringsdata. Inntil vidare vises det til Helsedirektoratet sine sentrale sider for ei oversikt over den enkelte kommunes profil for forbruk av sjukehustenester m.v.