AVTALEPROSESS VÅREN 2012:

 

Som eit ledd i gjennomføringa av samhandlingsreformen vart det lovpålagt å inngå lokale samarbeidsavtaler mellom kommunane og spesialisthelsetenesta. (Jfr. nasjonal veileder.) Totalt avtaleverk iht. lovkrav skal være på plass innan 1.7.2012. 

 

Følgjande avtaleprosessar vart gjennomført våren 2012:

 

 - Utarbeiding av ny overordna samarbeidsavtale, og ei semje om kva helse- og omsorgsoppgåver forvaltningsnivåa er pålagt ansvaret for, samt ei felles oppfatning av kva tiltak partane til einkvar tid skal utføre.

Leiar av denne arbeidsgruppa var Astrid Toft (daglig leiar av KS Hordaland). 

 

- Samarbeid knytt til innlegging, utskriving, habilitering, rehabilitering og lærings- og meistringstilbod for sikre samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester.

Arbeidet vart utført av følgjande arbeidsgruppe.

 

- Gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling for faglige nettverk og hospitering, samt samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid.

Her er ei oversikt over arbeidsgruppa, som leverte utkast både til tenesteavtale 6 og 7.

 

- Jordmorteneste 

Her er oversikt over arbeidsgruppa som har levert følgjande utkast for ei avtale som gjer retningsliner for samhandling omkring svangerskap, fødsel og barsel. 

 

- IKT-løysingar 

Følgjande arbeidsgruppe var engasjert i å utarbeide ei avtale i forhold til lokale IKT-løysingar.

 

- Førebygging 

Med følgjande arbeidsgruppe.  

 

I tillegg vart avtalen om helsemessig beredskap supplert med ein plan for den akuttmedisinske kjeda i ei ny felles tenesteavtale 11 og 12. Det vart også utarbeidd ei tenesteavtale 4 for å styre prosessen med etablering av eit kommunalt øyeblikkelig hjelp døgntilbod.

 

- Om avtaleprosessen: 

10. februar vart deltakarane i alle arbeidsgruppene samla i eit felles oppstartsmøte med Styringsgruppa for avtalearbeidet. Arbeidsgruppene hadde frist til å levere utkast til avtaler til den 27. april. 3. mai heldt alle samarbeidsutvala eit fellesmøte for å handsame avtaleutkasta. I etterkant av dette møtet vart avtaleutkasta sendt ut til formell handsaming hjå partane.

 

Så snart avtalene er handsama og signert av alle partar vil dei bli publisert i venstremenyen på denne sida, som gjeldande samarbeidsavtaler. 

<<Tilbake