Kommunalt søknadsskjema

Som eit ledd i oppfølginga av samarbeidsavtale om inn- og utskriving for perioden 2009-2012 vart det i 2010 satt i gang eit arbeid for å utarbeide felles søknadsskjema om kommunale tenester. Skjemaet vert nytta ved søknad frå pasientar som er inneliggjande ved sjukehusa i området.

Alle dei 22 kommunane har sagt seg villige til å saksbehandle søknader som er utfylt etter denne malen, uansett kva slags løysing ein har valgt lokalt for søknader frå eigne innbyggarar. (Nokre kommunar har i tillegg brukt denne søknadsmalen som mal for revidering av eige skjema.)

 

I følgje ny avtale om inn- og utskrivning som vart innført frå 01.01.2012 skal formidling av behov for nye/endra tenester etter utskrivning frå sjukehus i størst mogleg grad skje gjennom varslingar, enten via telefonisk kontakt eller elektroniske meldingar. Skjemaet kan imidlertid fortsatt nyttast av pasientar som ønskjer å søke om tenester mens dei er inneliggjande på sjukehus.

Søknadsskjema - kommunal helse- og omsorgstjeneste

 

Det vart i tillegg utarbeidd eit skjema, som skal leggjast ved alle søknader om rehabiliteringstenester: Vurderingsskjema for kommunal rehab

Dette kan fortsatt nyttast der kommunen og sjukehuset er einige om at det kan være hensiktsmessig med rehabilitering etter eit sjukehusopphald.

 

<<Tilbake