Pasientar i Helse Vest får sjå journalen sin på nett

 

22. mai 2016 får pasientar i Helse Vest, over 16 år, tilgang til sjukehusjournalen sin på nett.
Det er godkjente journalnotat med hendingsdato etter 1. mars 2016 som vil visast. Foreldre og føresette kan sjå journalen til eigne barn under 12 år. 

Pasientar innan rus og psykisk helsevern får tilgang til eigne journalopplysningar frå 19. september 2016.

 

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Retten til innsyn i eigen journal er ikkje ny – den retten har pasientane hatt sidan 2001. Det som er nytt er at pasientane no får enklare og raskare tilgang til journalen, utan å måtte kontakte sjukehuset først.

Tilgang til journalen blir gitt gjennom sikker pålogging via den nasjonale helseportalen helsenorge.no eller gjennom vestlandspasienten.no. Journalen vil vere tilgjengeleg for pasienten frå det tidspunktet eit dokument er godkjent i DIPS.

 

Tilvisingar frå fastlege eller andre med tilvisingsrett, vil også visast som ein del av sjukehusjournalen.

 

Helse Vest ønskjer å leggje til rette for pasientens helseteneste. Med elektronisk tilgang til sjukehusjournalen vil det bli enklare for pasientane å bruke sin lovfesta rett til innsyn og dermed delta meir aktivt i eigen helse og eigen behandling. Eg trur at kommunikasjonen mellom pasient og helseteneste vil bli betre, seier Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest.

 

Fortsatt arbeidsverktøy for behandlar
Christiansen er likevel klar på at sjølv om pasientane no får enklare tilgang til journalen, så skal sjukehusjournalen fortsatt vere behandlar sitt arbeidsverktøy, og ein skal ikkje endra på kva ein skriv i journalen, sjølv om ein bør prøve å bruke eit så godt og forståeleg språk som mogleg.

Studiar frå andre land viser at pasientane ikkje ønskjer at behandlar skal halde tilbake informasjon i journalen, sjølv om dei no får enklare tilgang til å lese det som står der. Undersøkingane gir heller ikkje grunnlag for å frykte ein telefonstorm frå pasientar som ønskjer forklaring på kva som står i journalen.

 

Sjå erfaringar frå andre regionar og land på helse-vest.no/minpasientjournal   

 

Kva får pasienten sjå?
I utgangspunktet skal alle dokument som ligg i journalen kunne visast på nett, men det fins nokre unnatak:

  • Dokument som har eit format som ikkje kan visast. Det er berre dokument som er lagra i DIPS(pasientjournal) som vil visast, ikkje journaldokument frå andre fagsystem (eksempelvis røntgenbilde).
  • Ein god del prøvesvar kjem heller ikkje til å bli viste. Til dømes prøvesvar som blir scanna inn og automatisk godkjent i DIPS.
  • Dokument som ikkje er godkjent (signert) av behandlar.
  • Journalnotat som ikkje er godkjent av behandlar, fordi ho/han ventar på prøvesvar eller ønskjer å snakke med pasienten om det som står der.
  • Opplysningar som er sperra for pasientinnsyn av lege/behandlar
    jf. Pasient- og brukarrettslova § 5-1.

 

Kor skal pasienten vende seg om han har spørsmål?
Om pasientane finn feil i sjukehusjournalen, skal dei kontakte sjukehuset der dei vart behandla. Dersom dei ikkje forstår innhaldet i journalen, kan dei kontakte den som behandla dei eller fastlegen sin.

 

Har du spørsmål om løysinga? 

På helse-vest.no/minpasientjournal har vi samla dei mest stilte spørsmåla frå behandlarar i Helse Vest.   

 

Sjå helse-vest.no/minpasientjournal for meir informasjon.

<<Tilbake