Gav innspill på Stortinget
På vegne av helsefellesskapet dro Johnny Breivik, Randi-Luise Møgster og Sara Hamre Sekkingstad til Oslo for å møte politikarane frå Hordaland.
Der ga dei konkrete innspill til ny Nasjonal helse- og samhandlingsplan, basert på eit strateginotat som helsefellesskapet utarbeida etter at planen vart lansert.
– Eg opplevde møtet som konstruktivt og godt. Vi møtte særs interesserte politikarar som var opptatt av temaet og nysgjerrige på våre innspel og erfaringar, seier Johnny Breivik, leiar i Strategisk samarbeidsutval (SSU) i Helsefellesskapet i bergensområdet.
Dåverande helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol la 1. mars fram ny Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027.
I møte med politikarane la dei vekt på tre punkt i den nye planen:
- Nytt rekruttering- og samhandlingstilskot
- Digitalisering
- Tiltak for å rekruttere og behalde helsepersonell
Desse punkta byggjer alle på overordna strategi for helsefellesskapet, som partnarskapsmøtet stilte seg bak i februar 2024.
Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 er no til behandling i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, og skal etter planen til behandling i Stortinget 4. juni.