Helsefellesskapet i bergensområdet
Partnarskapsmøte 2025
Partnarskapsmøtet er det øvste nivået i helsefellesskapet, og skal mellom anna peike ut overordna retning for samarbeidet og tenesteutviklinga i helsefellesskapet. I partnarskapsmøtet vert samarbeidet forankra politisk og på styrenivå.
- Tid: Onsdag: 12. februar 2025, kl. 09–15
- Stad: Oseana kunst og kultursenter, Bjørnafjorden kommune
- Årets vertskap: Kommunane Askøy, Austevoll, Bjørnafjorden, Samnanger og Øygarden
PROGRAM
08:30–09:00 Registrering, kaffi og frukt
09:00–09:10 Opning av partnarskapsmøtet
Velkomen ved Terje Søviknes (Frp) - ordførar, Bjørnafjorden kommune
09:10–09:25 Tilbakeblikk og kontekst – rammeverk for helsefellesskapet
Ved møteleiarane.
09:25–10:30 Korleis skal helsefellesskapet bidra til å løyse utfordringane som kommunar og sjukehus står overfor i åra framover?
Helsefellesskapa vart etablert gjennom avtalen mellom regjeringa og KS i 2019, og har vore ei viktig satsing i arbeidet med å skape meir heilskaplege helsetenester. Avtalen hadde mellom anna føringar for struktur og prioriterte pasientgrupper. I kva grad har satsinga utvikla seg i tråd med intensjonane?
Innlegg frå:
- Tone Wilhelmsen Trøen (H) - leiar, helse- og omsorgskomiteen på Stortinget
- Mari Trommald - avdelingsdirektør helse og velferd, KS
Paneldiskusjon med innleiarane og:
- Marte Joan Monstad (Frp) - byråd for eldre, helse og omsorg, Bergen kommune
- Tom Georg Indrevik (H) - ordførar, Øygarden kommune
- Torgeir Næss (Ap) - ordførar, Kvam herad
- Sara Hamre Sekkingstad (Sp) - ordførar, Alver kommune
- Terje Breivik - styreleiar, Helse Bergen
Ordstyrar:
- Randi-Luise Møgster - direktør, Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen
Oppsummering ved:
- Jørn-Henning Theis - styreleiar, Haraldsplass Diakonale Sykehus AS
10:30–10:50 Pause
10:50–11:45 Felles utvikling og planlegging av tenestene
Eit nytt lovkrav forpliktar partane i helsefellesskapet til å utvikle og planleggje helsetenestene i fellesskap. Ei arbeidsgruppe utarbeider no ein ny samarbeidsavtale, som omhandlar felles planlegging og utvikling av tenestene.
Korleis skal partane - trass ulik finansiering og organisering, og med press på tenestene - få dette til?
Innleiing til diskusjon ved leiar av arbeidsgruppa:
- Trond Egil Hansen - kommuneoverlege, Bergen kommune
Paneldiskusjon med:
- Eli Sjo - brukarrepresentant, brukarutvalet Helse Bergen
- Gro Kalvenes - kommunalsjef, helse og velferd, Austevoll kommune
- Randi-Luise Møgster - direktør Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen
- Kjell A. Wolff - kommunaldirektør, byrådsavdeling for eldre, helse og omsorg, Bergen kommune
- Kjerstin Fyllingen - administrerande direktør, Haraldsplass Diakonale Sykehus AS
Ordstyrar:
- Rebekka Ljosland - strategi- og samhandlingsdirektør, Haraldsplass Diakonale Sykehus AS
Oppsummering ved:
- Christian Fotland - kommunedirektør, Alver kommune
11:45–12:45 Lunsj
12:45–13:30 Samhandlingstilskot – eit viktig verkemiddel for å styrke samhandlinga
Regjeringa lanserte i Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027 eit rekrutterings- og samhandlingstilskot. Tilskotet skal fremje innovasjon og nytenking, og bidra til å prøve ut tiltak og prosjekt som har potensial for å løyse samhandlingsutfordringar. Den første søknadsrunden hadde frist 5. februar.
Representantar frå søknadskomiteen fortel om søknadsprosessen og mottatte søknadar.
Orientering ved:
- Grete Lill Hjartnes - samhandlingssjef, Helse Bergen
- Oddvin Neset - kommunalsjef, helse og omsorg, Masfjorden kommune
13:30–13:50 Presentasjon av prosjektet Pasientens legemiddelliste
Orientering ved Jan Stavenes (Helse Bergen) og Lars Nedrelid (Bergen kommune).
13:50–14:10 Pause
14:10–15:00 Vegen vidare i helsefellesskapet
Diskusjonen blir leia av møteleiarane.
Møteleiarar
Eivind Hansen - leiar i strategisk samarbeidsutval og administrerande direktør i Helse Bergen
Johnny Breivik - nestleiar i strategisk samarbeidsutval og kommunedirektør i Øygarden kommune