Særavtale til Tenesteavtale 6. Kreftomsorg
Særavtale for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering. Avtale om drift av nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Bergen HF sitt føretaksområde.
Særavtale nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling, august 2012, redigert 2014, 2016 og 2020.
Avtalen er ei vidareføring av Avtale om etablering og drift av nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling mellom Helse Bergen HF, Haraldsplass Diakonale Sykehus, kommunane i Helse Bergen HF sitt føretaksområde, Kreftforeningen distriktskontor Bergen og VID vitenskapelige høgskole (tidlegare Høgskolen Betanien), som første gang tok til å gjelde 01.08.2006 og siste gang vart fornya i juni 2010.
I samband med Samhandlingsreforma og nye tenesteavtalar mellom spesialist- og kommunehelsetenesta vert avtalen no endra til ein særavtale under Tenesteavtale nr 6, jamfør punkt 1, 4.2 og 7.1 i Tenesteavtale 6.
Det som er avtalt i tenesteavtale 6, gjeld i tillegg til det som går fram av denne særavtalen. I tilfelle motstrid mellom denne avtalen og tenesteavtalen skal tenesteavtalen ha forrang.
I tillegg til dei lovene og dokumenta som er nemnde i tenesteavtalen, byggjer denne særavtala på:
- 1.1. Plan for nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde, mars 2006
- 1.2. Leve med kreft. Nasjonal kreftstrategi (2018-2022). Helse- og omsorgsdepartementet 2018
- 1.3. Nasjonalt handlingsprogram for palliasjon i kreftomsorgen. Helsedirektoratet 2007, sist revidert 2019 (IS-2800)
- 1.4. Strategi 2020-2023. Kreftforeningen
- 1.5. På liv og død – Palliasjon til alvorlig syke og døende. NOU 2017:16
- 1.6. Lindrende behandling og omsorg. Vi skal alle dø en dag. Men alle andre dager skal vi leve. Meld. St. 24 (2019-2020)
Avtalen gjeld mellom kommunane i Helse Bergen HF sitt føretaksområde, Helse Bergen HF, Haraldsplass Diakonale Sykehus AS, Kreftforeningen Distriktskontor Bergen og VID vitenskapelige høgskole.
Målet er planfast kompetanseheving, samhandling og samarbeid mellom ressurspersonar slik at kreftpasientar og andre pasientar med behov for lindrande behandling, samt deira pårørande, opplever god kvalitet og tryggleik i alle nivå av helsetenesta.
Nettverket består av ressurspersonar frå kvar kommune og frå sjukehusavdelingar som behandlar kreftpasientar eller andre pasientar som treng lindrande behandling. Nettverket skal vere sentralt for å ivareta kontinuiteten i pleie- og omsorgstilbodet og for å spreie kompetanse om kreftomsorg og palliasjon i heile føretaksområdet.
Dei praktiske oppgåvene til ressurspersonane er knytt til:
- Klinisk arbeid på arbeidsplassen
- Samhandling og systemarbeid
- Klinisk forbetringsarbeid og kompetanseoppbygging
- Interkommunale løysingar kan vurderast for ressurspersonar innan andre fagområde enn sjukepleie.
Nettverket er organisert gjennom lokale nettverksgrupper. Det blir drifta av ei styringsgruppe og ei eller fleire fagspesifikke driftsgrupper. Driftsgruppene står for den daglege drifta av nettverket.
Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) representerer Helse Bergen HF sin faglege forankring i nettverket og har sekretariatsfunksjonen for nettverket.
6.1. Styringsgruppa er samansett av fire (4) administrative representantar frå kommunane i føretaksområdet og ein (1) representant frå kvar av dei andre partane i avtalen. I tillegg er leiarane for driftsgruppene med i styringsgruppa.
6.2. Nettverket av ressurssjukepleiarar er organisert i 7 eller 8 lokale nettverksgrupper. Desse rapporterer til ei sentral driftsgruppe, som igjen rapporterer til styringsgruppa.
A. Driftsgruppa for nettverket av ressurssjukepleiarar er samansett av ein (1) representant frå kvar av dei følgjande:
- Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest
- Kreftforeningen distriktskontor Bergen
- Sunniva avdeling for lindrende behandling ved Haraldsplass Diakonale Sykehus.
I tillegg skal driftsgruppa ha ein representant frå kvar av nettverksgruppene. Deltakarane frå nettverksgruppene bør representere både kommunar og sjukehus.
Oppnemning av representantane skjer for to (2) år om gongen. Driftsgruppa vel leiar for to (2) år om gongen. Når ein nemner opp nye representantar til driftsgruppa, bør partane ta omsyn til både kontinuitet og nyrekruttering.
B. Nettverksgruppene i nettverket av ressurssjukepleiarar er samansett av ressurspersonar som er nemnd opp frå kommunane, Helse Bergen HF og Haraldsplass Diakonale Sykehus, med følgjande inndeling:
Gruppe 1: Nettverksgruppe Bergen I
- Arna, Åsane og Bergenhus bydelar
- Haukeland universitetssjukehus
- Haraldsplass Diakonale Sjukehus
Gruppe 2: Nettverksgruppe Bergen II
- Fana, Ytrebygda og Årstad bydelar
- Haukeland universitetssjukehus
Gruppe 3: Nettverksgruppe Bergen III
- Fyllingsdalen og Laksevåg bydelar
- Haukeland universitetssjukehus
Gruppe 4: Nettverksgruppe Bergen Vest
- Askøy
- Øygarden
- Haukeland universitetssjukehus
Gruppe 5: Nettverksgruppe Midthordland
- Austevoll
- Bjørnafjorden
- Samnanger
- Haukeland universitetssjukehus
Gruppe 6: Nettverksgruppe Voss
- Eidfjord
- Kvam
- Ulvik
- Vaksdal
- Voss
- Voss sjukehus
Gruppe 7: Nettverksgruppe Nordhordland
- Alver
- Austrheim
- Fedje
- Gulen
- Masfjorden
- Modalen
- Osterøy
- Haraldsplass Diakonale Sykehus
6.3. Tilsvarande organisering med nettverksgruppe(r) og driftsgruppe vil gjelde for nettverk innan andre fagområde, til dømes nettverk av fysio- og ergoterapeutar eller sosionomar. Talet på nettverksgrupper må verte tilpassa størrelsen på nettverket.
7.1. Funksjon og ansvar for styringsgruppa
- Styringsgruppa har overordna ansvar for nettverket
- Styringsgruppa har ansvar for å sikre ei heilskapleg organisering av nettverket gjennom forpliktande avtalar
- Styringsgruppa skal følgje opp driftsgruppene sitt arbeid
- Styringsgruppa skal bidra med evaluering av og forslag til revisjon av denne avtalen
- Handtere eventuelle avvik, jf. punkt 9.
7.2. Funksjon og ansvar for driftsgruppene
- Driftsgruppene skal bidra til at det forpliktande samarbeidet fungerer etter intensjonen
- Driftsgruppene har ansvar for den praktiske drifta av nettverket og skal lage ein plan for arbeidet
- Leiar av den enkelte driftsgruppa rapporterer til styringsgruppa
- Driftsgruppene bør arrangere ei årleg felles samling for nettverket og introduksjonskurs for nye ressurspersonar etter behov
- Driftsgruppene skal bidra til at det vert utarbeidd og implementert kliniske retningslinjer, prosedyrar og kvalitetssystem innan fagområdet
- Driftsgruppene skal bidra til kompetanseutvikling i nettverket, i samsvar med vedtatt kompetanseplan
- Handtere eventuelle avvik, jf. punkt 9.
7.3. Funksjon og ansvar for nettverksgruppene og ressurspersonane
- Nettverksgruppene skal bidra til at det forpliktande samarbeidet fungerer etter intensjonen
- Nettverksgruppene skal bidra til samhandling og fagleg kvalitet i tilbodet til pasientar og pårørande
- Den enkelte ressurspersonen skal ein gong i året på førespurnad rapportere om funksjonen sin
- Nettverksgruppene forpliktar seg til å delta på den årlege fellessamlinga for nettverket
- Nettverksgruppene forpliktar seg til jamlege lokale samlingar, minimum ein gong per halvår
- Nettverksgruppene skal bidra til at det vert utarbeidd og implementert kliniske retningslinjer, prosedyrar og kvalitetssystem innan fagområdet
- Nettverksgruppene skal bidra med erfaringsutveksling, rettleiing, fagleg utvikling og kompetanseheving, både i gruppa og på arbeidsplassen til den einskilde ressursperson
Ut over dette vert det vist til punktet om avvik i den overordna samarbeidsavtalen.
Denne særavtalen trer i kraft frå 1. august 2012. Når det gjeld krav til evaluering og revisjon følgjer dette av tenesteavtale 6. Helse Bergen HF forpliktar seg til å ha gjeldande avtale liggande på internett slik at den er tilgjengeleg for partane og sentrale helsemyndigheiter.