We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Logo blue saman.no

FSU psykisk helse og rus

Mandat for fagleg samarbeidsutval for psykisk helse og rus.

Bakgrunn og formål 

Ifølgje Overordna samarbeidsavtale og tenesteavtale 1 skal dei faglege samarbeidsutvala sørge for utvikling av konkrete prosedyrar og tenemodellar. Målet er å sikre heilskaplege og koordinerte helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar med behov for tenester frå både kommune- og spesialisthelsetenesta.  

Dei faglege samarbeidsutvala skal identifisere utfordringar og drøfte problemstillingar, og finne løysingar som er til det beste for pasientar, brukarar og samfunnet som heilheit. 

Oppgåver og ansvar 

Fagleg samarbeidsutval psykisk helse og rus skal:  

  • Rapportere til, vere eit rådgjevande organ for og følgje opp saker frå Strategisk samarbeidsutval  
  • Bidra til betre samarbeid og dialog mellom sjukehusa, kommunane, brukarane og fastlegane. 
  • Ha merksemd på brukargruppa med psykiske vanskar og vanskar med rusmiddelbruk i breitt, der betra samhandling gjev meirverdi.  
  • Identifisere områder der betre samhandling vil gje betre oppfølging av vaksne brukarar. 
  • Sette ned eigne grupper med utpeika representantar avhengig av problemstilling som rapporterer til FSU i perioden dei arbeider med tiltak. 
  • Setje ned undergrupper/prosjektgrupper som er geografisk og/eller tematisk avgrensa til å sjå på konkrete problemstillingar 

Representasjon og samansetjing 

Representasjonen i utvalet bør vere posisjonert slik at ein kan identifisere potensiale for forbetringsarbeid, dvs. tilstrekkeleg heilskapleg fagleg posisjon.  

Representantane vert valde for to år av gangen 

Deltakarar:  

  • Fagsjef i Divisjon psykisk helsevern (Helse Bergen) 
  • Samhandlingslege i Helse Bergen  
  • Kommuneoverlege og representant frå Etat for psykisk helse og rustenester i Bergen Kommune 
  • Representantar frå dei 4 Områdeutvala   
  • Brukarrepresentant frå kommunesektor og spesialisthelsetenesta  
  • Representant frå Avdeling for rusmedisin  
  • Representant for fastlegane + fastlege frå kommunane i omland. 
  • Ein representant frå dei private ideelle organisasjonane 
  • Representant frå samhandlingssekretariatet (SSE )  
  • Observatør frå ungdomsrådet 

Om det er behov kan gruppa knyte til seg anna kompetanse 

Drift 

Møtefrekvens og møteleiing  

Minimum 4 møter per år  

Gruppa konstituerer seg sjølv med leiar og nestleiar. Leiinga alternerer anna kvart år mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, der leiar og nestleiar skal representere dei to nivåa. 

Rapportering

Dei faglege samarbeidsutvala skal rapportere til strategisk samarbeidsutval minst éin gong per år. 

Ressursar og økonomi 

Kvar part dekker kostnadar til representasjon for sine representantar. 

Brukarrepresentant får honorar frå den kommunen eller sjukehuset han/ho representerer. 

Fastlegerepresentant får dekka honorar frå kommunen fastlegen er tilsett i eller områdeutvalet som fastlegen er rekruttert ifrå. 

Anna  

Deltakarane vil kunne vere referansegruppe for større utviklingsprosjekt innan psykisk helse og rus med mål om støtte og rettleiing til prosjekta for å kvalitetssikre prosjektleveransen i eit samhandlingsperspektiv. Slike referansegrupper vil ha møter kant i kant til FSU-møta.

Utskriftsvennleg versjon - Mandat FSU psykisk helse og rus (PDF)

Last updated 11/12/2024