We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Områdeutval
Områdeutvala skal handsame og følgje opp saker som gjeld det enkelte utvalsområdet. Det er oppretta fire områdeutval etter etablerte kommuneregionar: Nordhordland, Bergen kommune, Voss lokalsjukehusområde og bergensregionen.
Bidra til god dialog mellom kommunar, spesialisthelsetenesta, brukarar og fastlegar om lokale samhandlingssaker
Gje innspel til og forankre felles samhandlingsstrategiar -og tiltak
Planlegge, setje i gang, og følgje opp lokalt forbetringsarbeid og lokale samhandlingsprosjekt
Melde aktuelle saker til SSU
Følgje opp saker frå og setje i gang aktuelle oppdrag frå SSU
Opprette og avvikle lokale underutval og nettverk
Ha oversikt over samhandlingsavvik og nytte oversikta i lokalt forbetringsarbeid Partane er samde om at reglane om teieplikt skal ivaretakast m.m.
Ein representant frå kvar kommune (kommunalsjefsnivå/ seksjonsleiar- eller etatsdirektørnivå i Bergen kommune)
Bergen kommune kan vere representert med inntil 6 representantar i eige områdeutval
Det skal vere forholdsmessig representasjon frå spesialisthelsetenesta i tråd med sektoransvaret for kvart utvalsområde
1 fastlege
1 kommuneoverlege
2 brukarrepresentantar (1 frå kommunane og 1 frå spesialisthelsetenesta)
1 representant frå hovudsamanslutningane
Observatørar med tale- og forslagrett:
Aktuelle representantar frå samarbeidssekretariatet
På sak:
Leiarar av lokale underutval og nettverk
Representantane i områdeutvala er vald inn for 4 år om gongen
Områdeutvala konstituerer seg sjølve
Områdeutvala skal ha kommunal leiar og nestleiar frå spesialisthelsetenesta
Sekretariat: 2 representantar frå samarbeidssekretariatet (kommunal områderepresentant og representant frå spesialisthelsetenesta etter sektoransvar)
Samarbeidssekretariatet har ansvar for å følgje opp saker som skal til SSU/kjem frå SSU