We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Logo blue saman.no

Strategi 2024–2027

Helsefellesskapet i bergensområdet har utarbeida ein overordna strategi for 2024–2027. Partnarskapsmøtet stilte seg bak strategien i februar 2024, og den vart behandla politisk i dei 18 kommunane, og i styra ved sjukehusa i vår.

Strategiske hovudmål

Helse- og omsorgstenestene vil i framtida møte på utfordringar knytt til blant anna færre sysselsette, auka sosiale helseforskjellar og auka forventningar i befolkninga.

Sjølv om utfordringane er store, skal vi saman finna gode løysingar for innbyggjarane våre.

Dette skal skje ved:

  • sterkare samhandling
  • tydelege prioriteringar
  • smart bruk av kompetanse
  • samhandlingsbudsjett
  • heilskaplege digitale løysingar

Prioriterte område

Sterkare samhandling – ein felles kultur

Med kunnskap om og respekt for tenestene til kvarandre vil vi byggja ein felles kultur.

Stor variasjon blant kommunane i helsefellesskapet, både i tal innbyggjarar og avstandar, gjev moglegheiter og avgrensingar. Som likeverdige partnarar har vi eit felles ansvar for helse- og omsorgstenestene til innbyggjarane i området vårt, uavhengig av kvar dei bur.

Partnarane må alltid involvera fellesskapet før dei endrar tenester som kan få konsekvensar for andre.

Samhandlingsstrukturen skal brukast til å overføra kunnskap mellom partnarane. Helsefellesskapet skal byggjast ut med faglege nettverk som utviklar gode prosedyrar og pasientforløp.

Helsefellesskapet skal leggja til rette for at frivillige kan utfylla tenestene våre der det er fornuftig.

Prioriteringar – kloke val saman

Med knappe ressursar må vi prioritera tydeleg. I møte med auka forventningar, skal vi også vurdera fagleg kva vi kan gjera for å unngå unødvendige utgreiingar.

Det skal utarbeidast felles kriterium så heile helsefellesskapet prioriterer likt. Vi skal sjå innbyggjarane i eit livsperspektiv, og vi må prioritera framtidsretta og langsiktig.

Innbyggjarane skal få riktig behandling  til rett tid. På den måten unngår vi overbehandling og overdiagnostisering.

Rekruttering og bemanning – smart bruk av kompetansen vår

Vi skal vidareutvikla samarbeidet mellom helsefellesskapet og utdanningsinstitusjonane, og jobba for å rekruttera, utvikla og behalda dyktige fagpersonar.

Heilskapleg bruk av personell skal sikra at kompetansen blir brukt mest mogleg effektivt og på rett stad. Det inneber at vi må vurdera å dela og overføra oppgåver mellom faggrupper. Saman skal vi dela kunnskap og gjera kvarandre gode, mellom anna å nytta hospitering.

Helsefellesskapet skal utvikle løysingar for å dele helsepersonell på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta.

Økonomi – tiltak som gagnar samfunnet

Helsefellesskapet skal jobba mot nasjonale styresmakter for å etablera eit tenleg finansieringssystem. Dette skal i større grad enn no stimulera til samhandling og meir heilskaplege pasientforløp. Dette kan til dømes gjerast gjennom eit samhandlingsbudsjett.

I strategiperioden skal vi utvikla tiltak som vi finansierer saman. Målsetjinga er løysingar som er fornuftige og lønsame for innbyggjarane og samfunnet som heilskap, ikkje berre for den enkelte partnar.

Teknologi og digitalisering – løysingar som samsnakkar og avlastar

Helsefellesskapet skal nytta heilskaplege teknologiske og digitale løysingar. Partnarane skal velja løysingar som kommuniserer saman og som legg til rette for samhandling.

Dei digitale løysingane må kopla oss saman på både lokalt og nasjonalt nivå. Vi skal vidareutvikla og ta i bruk «Pasientens legemiddelliste».

Bruk av ny teknologi vil auka sjølvstendet og eigenmeistringa til innbyggjarane. Vi skal også leita etter teknologiske og digitale nyvinningar som er arbeidssparande.

 

Utskriftvennleg versjon - Overordna strategi for Helsefellesskapet i bergensområdet 2024–2027 (PDF)

Last updated 10/29/2024