Fagleg samarbeid

Det er etablert fagleg samarbeid på fleire område som er ein del av samhandlingsstrukturen. Her viser underutval der alle samarbeidutval er representert.

Medisinskfagleg utval

Dette er eit underutval, med legar frå spesialist- og kommunehelsetenesta. Alle samarbeidsutvala er representert i utvalet. Medisinskfagleg utval skal være rådgjevande  i medisinskfaglege spørsmål.

Mandat

Bakgrunn :

Det er i Overordna samarbeidsavtale semje om å etablera to underutval i 2012, eit av desse er medisinsk fagleg utval.

I Overordna samarbeidsavtale står det følgjande om Medisinsk fagleg utval:

«Føremål: Skal skape sams forståing for praksis. Vere eit dialogutval for utvikling av

medisinske tenester.»

«Organisering: Utvalet skal ha like mange legar frå spesialist- og kommunehelsetenesta.

Helse Bergen og Bergen kommune skal alltid vere representert. Dei 4 overordna

samarbeidsutvala skal gje nærmare føringar om oppgåver og organisering av utvalet i eit eige mandat. Utvalet får saker frå - og gir fråsegn til - kommunane og helseføretaket via dei overordna samarbeidsutvala.»

Føremål:

Utvalet skal:

  • ​ha spesielt fokus på å ivareta intensjonane i samhandlingsreforma.
  • skapa sams forståing for praksis, mellom anna av kva partane kan forventa av kvarandre.
  • vera eit dialogutval for utvikling av medisinske tenester, slik at partane saman fagleg kan bli betre til det beste for pasienten.

Oppgåver:

Utvalet skal:

  • bidra til god dialog mellom samarbeidspartnarane, kunne gje uttale av medisinsk fagleg karakter i aktuelle saker (ikkje einskildpasientsaker)
  • ​ kunne ta opp problemstillingar som ein ut frå eigen kjennskap/praksis meiner er av meir systemisk karakter og som det er behov for avklaring av.

 

Samansetjing av utvalet

Det må sikrast at organet har ei solid forankring både i kommunane og sjukehusa, og at det er medisinsk faglig kompetanse med god fagleg breidde. Representasjonen er knytt til funksjon, og ein deltek i utgangspunktet for to år av gongen. Det skal vera vararepresentasjon. 

Samansetjing av utvalet:

Bergen kommune 2

Nordhordland 1

Voss 1

Bergensregionen 1

Helse Bergen 4

Haraldsplass 1

Utvalet konstituerer seg sjølv i møte. Kommunane og spesialisthelsetenesta har leiar annan kvart år.

Representant frå SSE er sekretariat for utvalet og har ansvar for utarbeiding av saksliste og referat. Den part som melder sak inn til utvalet har ansvar for å førebu sak i samarbeid med utvalet sin leiar og sekretariat. Spesialisthelsetenesta vil nytte den kompetanse praksiskonsulentane (PKO) innehar i aktuelle saker. Utvalet v/ leiar kan invitere representant frå PKO til møta ved behov.

Utvalet skal i utgangspunktet møtast minst to gonger i halvåret. Mandat kan endrast som ein del av årleg gjennomgang av avtaleverket. Utvalet utarbeider årleg oppsummering av sine viktigaste saker til Samarbeidsutvala.


Faste representanter pr. 01.02.2022

         Sekretariat:

Underutval for akuttmedisin og beredskap (UFAB)

Samarbeid om omforeina beredskapsplanar og planar for den akuttmedisinske kjeda (tenesteavtale 11 og 12). Alle samarbeidsutvala er representert.

Andre faglege nettverk

Nettverk og kompetansesentrene har som hensikt å skapa arenaer for kontakt mellom primær- og sekundærhelsetenesta, samt å formidle kompetanse på fagfeltet. Nettverka er sentrale for å ivareta kontinuitet i utredning, behandling og rehabilitering og for å utvikla kompetanse og erfaring på fagfeltet

  • Lindrande behandling – regionalt kompetansesenter

    Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest er eit regionalt ressurssenter for helsepersonell som arbeider med lindrande behandling og omsorg ved livets slutt.

  • Rehabilitering – regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.

    Kompetansesenteret driv forsking, fagutvikling, nettverksbygging og undervisning innan habilitering og rehabilitering. 

  • Geriatri – regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM)

    Eldremedisin omfatter fysiske, psykiske og sosiale forhold som kan oppstå i forbindelse med akutt sykdom, ved behandling av kroniske lidelser, rehabilitering og ved livets slutt.

 

Andre  underutval vil bli presentert under dei samarbeidsutvala der dei er organisert og høyrer til.

Fann du det du leita etter?