Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Logo blå saman.no

Fullt hus på partnarskapsmøtet 2023

Helsefellesskapet i bergensområdet arrangerte 19. april 2023 det første partnarskapsmøtet etter implementering av ny samhandlingsmodell i september 2022.

Publisert 21.04.2023
Sist oppdatert 18.06.2024

Ordførarar og rådmenn frå 18 kommunar, brukarrepresentantar og fastlegar, og direktørar og styreleiarar frå Helse Bergen, Haraldsplass Diakonale Sykehus og frå private ideelle innanfor psykisk helsevern var invitert til å drøfte korleis vi best kan planlegge og utvikle helsefellesskapet vårt i ei god retning.

Ruth Grung, byråd for eldre og omsorg i Bergen kommune, opna partnarskapsmøtet før konferansier for dagen, kommuneoverlege i Bergen kommune,Trond Egil Hansen, ga ordet vidare til leiar og nestleiar for Strategisk samarbeidsutvalg (SSU): rådmann Ørjan Fortun Raknes i Alver kommune, og viseadministrerande direktør i Helse Bergen Randi-Luise Møgster.

Ba om innspel

Partnarskapsmøtet bar preg av gode diskusjonar og innspel i dei mange plenumsdiskusjonane som var lagt inn i programmet. Møgster og Fortun Raknes ba tidleg om innspel frå partnarane om retningsval for helsefellesskapet.

Blant tema og problemstillingar som blei debattert sto helsepersonellsituasjonen og prioriteringar i helsetenesta sentralt. Ei endring av tankegang der partnarane tenkjer meir "oss" og mindre "vi" og "dei", og ein vilje og raushet til å ha fokus på pasientreise og forløp meir enn avgrensa ansvarsområde, vart løfta frem frå fastlege- og brukarrepresentantene som var til stades.

Felles retning og overordna mål

Terje Breivik, styreleiar i Helse Bergen, runda av dagen med ei presisering av at lang tradisjon for, og gode erfaringer med samhandling i vårt helsefelleskapsområde, gir oss dei beste moglegheitene for å styrke samhandlinga ytterlegare.

Møtet vart avslutta med støtte fra partnarane til at SSU no kan gå i gang med eit arbeid for å skissere retning og overordna mål for det vidare arbeidet i Helsefellesskapet i bergensområdet.