5.1. Med
grunnutdanning meiner vi utdanning som vert gjennomført i utdanningsinstitusjon før kandidaten kan søkje om autorisasjon som helsepersonell.
5.2.
Vidareutdanning vert i denne avtalen definert som utdanning utover grunnutdanninga. Vidareutdanninga inneber ofte ei spesialisering ved universitet eller høgskule og vil då gje studiepoeng. Spesialisering av legar, tannlegar og psykologar vert gjennomført i helseføretak og kommunar etter krav fastsette av Helsedirektoratet.
5.3. Med
etterutdanning forstår vi opplæring som ikkje gjev formell kompetanse. Omgrepet femnar om eit vidt spekter av opplæringstiltak som varierer i lengd, omfang og når det gjelder dokumentasjonstypar (St.meld. nr. 13 2011-2012).
5.4.
Fagskuleutdanning vert definert som yrkesretta utdanning som varer frå eit halvt til to år, byggjer på vidaregåande opplæring og gjev kompetanse som ein kan ta i bruk i arbeidslivet utan meir opplæring (St.meld. nr. 13 2011-2012).
5.5.
Medisinsk og helsefagleg forskingsprosjekt vert definert som verksemd utført med vitskapleg metode for å skaffe ny kunnskap om helse og sjukdom (helseforskingslova § 4). Eit forskingsprosjekt er kjenneteikna av at det behandlar opplysingar og vurderer helsetilhøve hjå einskildpersonar, inkludert eventuelt bruk av humant biologisk materiale. Eit forskingsprosjekt er alltid knytt til ein overordna forskingsansvarleg institusjon og vert leia av ein person som stettar dei krava til forskingskompetanse som er nærare omtalt i helseforskingslova.
5.6.
Innovasjonsprosjekt vert definert som ein ny vare, teneste, produksjonsprosess, anvending eller organisasjonsform som er lansert eller teken i bruk for å skape økonomiske verdiar (Nasjonal samarbeidsavtale for innovasjon i helsesektoren 2007-2011).
5.7.
Kvalitetssikrings- eller utviklingsprosjekt er kjenneteikna av at dei gjer bruk av eksisterande kunnskap, evner, verkty og teknikkar for å oppnå eit mål som er definert i prosjektet.
5.8.
Current Research Information System in Norway (CRIStin) er eit nasjonalt forvaltningsorgan som skal gje forskinga større samfunnsmessig verdi ved å leggje til rette for at forsking i ulike sektorar vert sett i samband. CRIStin skal hente inn og stille i hop informasjon for forskingsinstitusjonane ut frå prinsippet om ope tilgjenge for alle.