Ofte stilte spørsmål ved inn- og utskriving innan psykisk helse og rus
1.Når skal ein starta dialog med kommunen?
Så snart pasienten kjem inn i spesialisthelsetenesta. Viktig at ein kjem i dialog sjølv om ikkje situasjonen er avklart.
2. Korleis dokumentere?
All dialog mellom samhandlande partar skal dokumenterast i pasienten sin journal. Det betyr og den munnlege dialogen.
3. Nyttar sjukepleiarane i sjukehuset IPLOS?
Nei, dette er ikkje eit verktøy som vert nytta i sjukehuset. Tala vil difor ikkje vere til hjelp utan det følgjer med ein kommentar.
4. Kan spesialisthelsetenesta bestemme omsorgsnivå i kommune?
Nei, sjukehuset skal gje ein funksjonsbeskrivelse av pasienten. Det er kommunen som avgjer kva tenestetilbod pasienten skal få.
5. Dersom pasienten ligg inne i spesialisthelsetenesta over lengre tid, treng ein då å ha jamnleg dialog med kommunen?
Ja, det skal vere dialog minst kvar 3. månad. Denne dialogen skal journalførast.
Sist oppdatert 19.12.2022