FSU psykisk helse og rus
Mandat for fagleg samarbeidsutval for psykisk helse og rus.
Bakgrunn og formål
Ifølgje Overordna samarbeidsavtale og tenesteavtale 1 skal dei faglege samarbeidsutvala sørge for utvikling av konkrete prosedyrar og tenemodellar. Målet er å sikre heilskaplege og koordinerte helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar med behov for tenester frå både kommune- og spesialisthelsetenesta.
Dei faglege samarbeidsutvala skal identifisere utfordringar og drøfte problemstillingar, og finne løysingar som er til det beste for pasientar, brukarar og samfunnet som heilheit.
Oppgåver og ansvar
Fagleg samarbeidsutval psykisk helse og rus skal:
- Rapportere til, vere eit rådgjevande organ for og følgje opp saker frå Strategisk samarbeidsutval
- Bidra til betre samarbeid og dialog mellom sjukehusa, kommunane, brukarane og fastlegane.
- Ha merksemd på brukargruppa med psykiske vanskar og vanskar med rusmiddelbruk i breitt, der betra samhandling gjev meirverdi.
- Identifisere områder der betre samhandling vil gje betre oppfølging av vaksne brukarar.
- Sette ned eigne grupper med utpeika representantar avhengig av problemstilling som rapporterer til FSU i perioden dei arbeider med tiltak.
- Setje ned undergrupper/prosjektgrupper som er geografisk og/eller tematisk avgrensa til å sjå på konkrete problemstillingar
Representasjon og samansetjing
Representasjonen i utvalet bør vere posisjonert slik at ein kan identifisere potensiale for forbetringsarbeid, dvs. tilstrekkeleg heilskapleg fagleg posisjon.
Representantane vert valde for to år av gangen
Deltakarar:
- Fagsjef i Divisjon psykisk helsevern (Helse Bergen)
- Samhandlingslege i Helse Bergen
- Kommuneoverlege og representant frå Etat for psykisk helse og rustenester i Bergen Kommune
- Representantar frå dei 4 Områdeutvala
- Brukarrepresentant frå kommunesektor og spesialisthelsetenesta
- Representant frå Avdeling for rusmedisin
- Representant for fastlegane + fastlege frå kommunane i omland.
- Ein representant frå dei private ideelle organisasjonane
- Representant frå samhandlingssekretariatet (SSE )
- Observatør frå ungdomsrådet
Om det er behov kan gruppa knyte til seg anna kompetanse
Drift
Møtefrekvens og møteleiing
Minimum 4 møter per år
Gruppa konstituerer seg sjølv med leiar og nestleiar. Leiinga alternerer anna kvart år mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, der leiar og nestleiar skal representere dei to nivåa.
Rapportering
Dei faglege samarbeidsutvala skal rapportere til strategisk samarbeidsutval minst éin gong per år.
Ressursar og økonomi
Kvar part dekker kostnadar til representasjon for sine representantar.
Brukarrepresentant får honorar frå den kommunen eller sjukehuset han/ho representerer.
Fastlegerepresentant får dekka honorar frå kommunen fastlegen er tilsett i eller områdeutvalet som fastlegen er rekruttert ifrå.
Anna
Deltakarane vil kunne vere referansegruppe for større utviklingsprosjekt innan psykisk helse og rus med mål om støtte og rettleiing til prosjekta for å kvalitetssikre prosjektleveransen i eit samhandlingsperspektiv. Slike referansegrupper vil ha møter kant i kant til FSU-møta.
Utskriftsvennleg versjon - Mandat FSU psykisk helse og rus (PDF)