Særavtale til tenesteavtale 4. ØDH-senger i Fusa

Særavtale om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald mellom Fusa kommune og Helse Bergen HF.

1. Partane i avtalen

Denne avtala er inngått mellom Helse Bergen HF og Fusa kommune.

2. Bakgrunn og heimel for avtalen

Partane er etter Lov om kommunale helse- og omsorgstenester av 14. juni 2011 § 6- 2 nr. 4 pålagt å inngå samarbeidsavtale, tenesteavtale 4, som beskriv korleis kommunen skal etablera og drifta døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp etter § 3-5, 3. ledd innan 01.01.2016. Denne avtalen er ei særavtale til tenesteavtale 4. Det som er avtalt i tenesteavtale 4 gjeld i tillegg til det som går fram av denne særavtala.

Fusa kommune har utgreidd grunnlaget og mogelegheit for å etablere øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØH-seng) som interkommunalt samarbeid med Samnanger og Os kommune. Prosjektrapporten ”Utredning av grunnlaget og mulighet for etablering av observasjonssenger og øyeblikkelig hjelpfunksjon med døgntilbud” skildrar dette utgreiingsarbeidet. Fusa kommune har etter eigen utgreiing av m.a geografiske og demografiske tilhøve og eksisterande kompetanse i kommunen, konkludert med at vi ønskjer å etablere dette tilbodet i eigen kommune, jf. prosjektrapport ”Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald i Fusa kommune .
Formannskapet i Fusa kommune tilrådde i møte den 06.06.12 at Fusa kommune etablerer øyeblikkeleg hjelp døgnopphald frå 2012, 1 ØH-seng. Det skal sendast søknad om tilskot frå Helsedirektoratet innan fristen 1. juli 2012.

3. Føremål med avtalen

  • Etablering og drift av eit tilbod om døgnopphald for helse - og omsorgstenester til pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp for innbyggjarane i Fusa kommune.
  • Medverke til å redusere talet på øyeblikkeleg hjelp- innleggingar i Helse - Bergen for aktuelle pasientgrupper
  • Sikre at tilbodet skal vera betre eller like godt som eit alternativt tilbod i spesialisthelsetenesta
  • Sikre ei funksjonell og effektiv drift av ØH - senga i Fusa kommune etter gjeldande medisinske og sjukepleiefaglege standardar.

4. Virkeområde inklusjon og eksklusjonskriteriar

Opphald i ØH-seng skal vere eit alternativ til innlegging i spesialisthelsetenesta for innbyggjarane i Fusa kommune og for andre personar kommunen har ansvar for etter helse- og omsorgstenestelova § 3-1, 1. ledd.


4.1. Partane er einige om at følgjande pasientgrupper ikkje skal leggast inn i ei ØH-seng (absolutte eksklusjonskriterier):

  • Hemodynamisk ustabil pasient
  • Pasient med akutte respirasjonsproblem utan kjend årsak, som ikkje vert betre etter initialbehandling. Markant forverring i O2-metning
  • Tydeleg sliten og medteken pasient
  • Pasientar med akutt forverring av kjend, kronisk sjukdom, der ei vurdering av grad av alvor, komorbiditet og funksjonssvikt tilseier innlegging i sjukehus
  • Brystsmerter
  • Urolege eller aggresive pasientar som ikkje har somatisk sjukdom.
  • Pasientar etter aborttilstandar
  • Under 18 år
  • Status epileptikus
  • Hjerneslag
  • Commotio cerebri
  • Magesmerter utan kjend årsak
  • Klinisk mistanke om sepsis
  • Pasientar som treng behandling for psykiske lidingar og/el. ruslidingar
  • Traumer og tilstander som krev akuttmedisinsk behandling (rød respons i indeks)

4.2 Hovudgrupper av pasientar som er aktuelle for eit kommunalt øyeblikkeleg hjelp tilbod:

  • Pasientar med forverring av kjende tilstander, med avklart diagnose og funksjonsnivå.
  • Partane er i første omgang samde om å prioritere tungpustpasientar; KOLS, nedre luftvegsinfeksjonar, iht. kriterium for kvar pasienten skal behandlast – på sjukehus eller i kommunale ØH-senger, jf. kriterier utarbeidd i prosjekt for tungpustforløp[1].
  • Pasientar med akutt forverring av kjent tilstand, grunna t.d infeksjon, dehydrering eller ernæringssvikt, der utøysande årsak er kjend
  • Fall utan brot som treng observasjon og behandling
  • Pasientar med avklarte infeksjonstilstander
  • Pasientar med eliminasjonsproblem: Vasslatingsvanskar, diare eller obstipasjon
  • Palliativ og terminal behandling
  • Medikamentjustering
    Føresetnaden er at det må vera ein pasient med avklart diagnose og funksjonsnivå som kommunen er i stand til å behandle, og der risikoen for akutt forverring under opphaldet er liten.

[1] Prosjekt tungpustforløp. Eit pilotprosjekt mellom Helse Bergen HF og kommunane Sund, Fjell, Os, Fusa og Samnanger i tidsrommet januar – mars 2012.

5. Tidspunkt for oppstart av ØH – døgntilbod i Fusa kommune

Fusa kommune skal etablere ei (1) ØH – seng. Drifta startar opp den 01.11.2012.

6. Økonomi

Helsedirektoratet har gitt ut rettleiingsmateriell, som og omhandlar berekning og utbetaling av tilskot til øyeblikkeleg døgnopphald i kommunane. Partane er samde om at tilskot til øyeblikkeleg hjelp døgnopphald i kommunen skal vera basert på Helsedirektoratet sitt rettleiingsmateriale for tilskotet, her under mellom anna berekningsgrunnlaget for tilskotet, teke inn i rettleiaren Kommunenes plikt til øyeblikkelig hjelp døgnopphold . Partane er og samde om at omfanget av tilbodet om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald i kommunen skal baserast på berekningsgrunnlaget som er teken inn i nemnde rettleiar.
Kommunane som startar opp tilbod om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald får halvparten av det berekna tilskotet frå Helsedirektoratet og den andre halvparten frå helseføretaket når tilbodet er etablert, jf. nemnde rettleiar. Dette tyder at det er sett ei ramme for kor mykje tilskot kommunen samla kan få frå Helsedirektoratet og helseføretaket i perioden fram til 01.01.2016.

Utbetaling av tilskot frå helseføretaket til kommunen skjer ut frå følgjande føresetnader, som alle må oppfyllast før tilskot vert utbetalt:

  1. Kommunen må dokumentere at kommunen har fått innvilga søknad og utbetalt tilskot frå Helsedirektoratet.
  2. Tilskotet som kommunen mottar frå helsedirektoratet må vera for lite til å dekkje kommunen sine berekna utgifter til øyeblikkeleg hjelp døgnopphald i høve til berekningsgrunnlaget i nemnde rettleiar.
  3. ØH - senga må vera etablert i høve til avtalen. Med etablert meiner vi at døgnplassen for øyeblikkeleg hjelp må vera sett i drift.
    Under føresetnad av at vilkåra for utbetaling av tilskot i denne avtalen er oppfylt, her under føresetnadene i punkt 1- 3 over, vil helseføretaket i perioden frå 01.11.2012 til 31.12.2015 utbetale sin del av det berekna tilskotet til kommunen i høve til berekningsgrunnlaget.
    Dersom kommunen ikkje oppfyller avtalen fell tilskotet frå helseføretaket bort. Det same gjeld dersom avtalen vert sagt opp av ein av partane. Dersom kommunen reduserer sitt øyeblikkeleg hjelp døgntilbod vil tilskotet frå helseføretaket verta redusert tilsvarande.

7. Ansvar - og oppgåvefordeling

Partane er samde om at einingsleiar for Fusa bu - og behandlingssenter har ansvaret for den administrative leiinga og dagleg drift. Det overordna medisinsk-faglege ansvaret er plassert hos kommuneoverlege i Fusa kommune.
Partane skal etablere ei felles driftsgruppe med andre kommunar som skal delta i vidareutviklinga av tilbodet og handsame ulike avvik som blir meldt i samband med døgntilbodet i kommunen, jf. pkt. 12. Helse Bergen tek initiativ til etablering av driftsgruppa. Driftsgruppa skal ha helsefaglege representantar frå dei aktuelle kommunane og frå Helse Bergen. Partane skal i fellesskap utarbeide nærare retningsliner som skildrar mandat med oppgåver og arbeidsform for driftsgruppa.
Desse skal ferdigstillast snarast mogleg og seinast innan 1. oktober 2012. Legevaktslege, fastlege og tilsynslege kan leggje inn pasientar i ØH-senga.
Fusa kommune er ansvarleg for at ØH-senga har legedekning på heildøgnsbasis ved bruk av tilsynslegar på dagtid kvardagar og legevaktslegar kveld, natt, helg, heilagdagar og feriar. På dette viset sikrar ein kontinuitet i legedekninga og minst ein legevisitt dagleg. I tillegg skal det vere sjukepleiekompetanse til stades 24 timar i døgeret heile året.
 
Liggetid vil vere maksimalt 3 døgn.

8. Kvaliteten på tilbodet i ØH- senger i kommunen

Tilbodet skal vera fagleg forsvarleg og eit betre eller like godt tilbod for pasientane som eit alternativ tilbod i spesialisthelsetenesta.


8.1 Kompetansekrav

Fusa kommune forpliktar seg til at tilbodet til ein kvar tid skal ha personell med naudsynt formal - og realkompetanse på dei områda som ØH - pasientar innlagt på Fusa bu - og behandlingssenter (FBBS) høyrer inn under, jf. punkt 4 i avtala. Dette for å sikre fagleg forsvarleg tilbod. Sjukepleiar på FBBS må ha observasjons-, vurderings- og handlingskompetanse. Det vert stilt krav om prosedyrekunnskap og kunnskap om naudsynt bruk av medisinsk utstyr mellom anna når det gjeld pasientar med tungpust, her under behandling av pneumoni og KOLS, samt væske - og smertebehandling.


8.2 Opplæringsbehov ØH – døgnopphald

Fusa kommune har ansvar for å utarbeide årlege opplæringsplanar i høve til strategisk kompetanseplan for Fusa kommune og krava i denne avtalen. Dei årlege opplæringsplanane skal innehalde kompetansekrav i høve til ØH – senga, jf. prosjektrapport frå Fusa kommune. I oppstartfasen vil dette gjelde pasientgrupper innan tungpustheit, her under behandling av pneumoni og KOLS og væskebehandling.
Partane er forplikta til å samarbeide om, utarbeide og utvikle system for hospiteringsordningar, kursopplegg og kompetanseutvikling, og til å revidere desse ved behov. Partane er forplikta til å gjennomføre opplegg for kompetanseutvikling
m.a. hospitering og kursopplegg utarbeidd i samband med tungpustforløpet.

Sjukepleiar på FBBS og legar som deltek i vaktordning i Fusa kommune skal som hovudregel delta i årlege fagseminar og gjennomføre utsjekk i høve til vedlikehald av ferdigheiter og kompetanse.


8.3 Støttefunksjonar og behov for utstyr

Partane vil ta i bruk elektronisk melding så snart det er mogeleg. Fusa kommune er ansvarleg for at helsepersonell som yter helsehjelp til pasientar i ØH - senga har naudsynt tilgang til eit forsvarleg pasientjournalsystem.
 

Medisinsk utstyr

Fusa kommune har ansvar for innkjøp, drift og vedlikehald av naudsynt medisinsk- teknisk utstyr for å kunne gje forsvarleg behandling til dei til ei kvar tid aktuelle pasientgruppene.
Partane har i fellesskap utarbeidd oversikt over utstyr og støttefunksjonar som er naudsynt i høve til dei pasientgruppene som det er aktuelt å starte med, jf. prosjektrapport frå Fusa, Os og Samnanger kommune. Tilsvarande oversikter vil verta utarbeidd for andre pasientgrupper når det vert aktuelt. Fusa kommune forpliktar seg til at nemnde utstyr og støttefunksjonar skal vera tilgjengeleg innan 01.11.12.
Medisinsk teknisk utstyr skal jamleg vurderast m.o.t. oppjustering i samsvar med den tekniske utviklinga og aktuelt pasientgrunnlag.


8.4 Lokalisasjon av tilbodet

Tilbodet vert lokalisert ved korttidsavdelinga ved Fusa bu – og behandlingssenter (FBBS).
Fusa kommune vil kunne nytte seg av at kommunen har ein døgnkontinuerleg tilgang på legetilsyn ved at kommunen har ei eiga legevaktsordning. Legevakta har relativt god reserve-kapasitet utover det som vert nytta av kommunen per i dag.

9. Informasjon og kommunikasjon

Begge partar har ansvar for å gjera tilbodet kjend for alle sine involverte medarbeidarar og samarbeidspartar.

Fusa kommune er forplikta til å gje naudsynt informasjon om tilbodet til innbyggjarane i kommunen både ved oppstart og seinare. Plan for slik informasjon skal utarbeidast innan 1.10.12.

Fusa kommune skal utarbeide naudsynte rutinar og retningsliner som gjeld ØH- senga i dialog med Helse Bergen. Partane er forplikta til å implementere dei nye rutinane/retningslinene i eigen organisasjon.

10. Samarbeid med ambulansetenesta

Ambulansetenesta er lokalisert i Fusa kommune. Det vert etablert lokalt samarbeidsforum mellom legetenesta i Fusa kommune og ambulansetenesta.
 

11. Evaluering

Tilbodet om ØH – døgnopphald skal evaluerast etter 2 år, innan 01.11.13 og etter nærare konsultasjonar mellom partane. Pasientdata, i samsvar med lovverk, vil verta fortløpande innhenta m.a med tanke på evalueringa.

Partane er samde om at ein i evalueringa vil vurdere om tilbodet bidrar til reduksjon av øyeblikkeleg hjelp - innleggingar i Helse Bergen HF for dei aktuelle pasientgruppene frå Fusa kommune. Partane vil og undersøke om pasientane opplever det kommunale tilbodet som like godt eller betre enn eit alternativt tilbod i spesialisthelsetenesta.

Ytterlegare indikatorar for evaluering av tilbodet vil gå fram av plan utarbeidd i samband med det nemnde tungpustforløpet.

12. Handtering av avvik

Avvik som blir meldt i samband med døgntilbodet i kommunen, skal tas opp i den felles driftsgruppa, jf. punkt 7. Partane har gjensidig ansvar for å lukke avvik knytt til dei ansvarsområda som ligg til kvar av partane.

Ut over dette vert det vist til punktet om avvik i den nye overordna samarbeidsavtala som blir vedteken innan 01.07.2012

14. Tidslengd, revisjon og høve for oppseiing av avtalen

Dette går fram av tenesteavtale 4.

15. Innsending av avtalen til Helsedirektoratet

Etter at avtala er signert av begge partar, skal Helse Bergen HF, via Helse Vest RHF sende kopi av særavtala til Helsedirektoratet, jf. helse - og omsorgstenestelova § 6-4.

Dette skal skje innan ein månad etter at avtalen er inngått, og seinast ein månad etter utgangen av frist fastsett med heimel i lovas § 6- 3.

Fusa kommune må i tillegg leggje tenesteavtale 4 og denne særavtala ved sin søknad om tilskot frå Helsedirektoratet.
 

16. Dato og underskrift av begge partar

 

Avtalen i PDF: Særavtale til tenesteavtale 4, ØHD senger Fusa kommune (PDF)

Fann du det du leita etter?