Særavtale til Tenesteavtale 4. ØHD-senger på Voss

Særavtale om kommunalt tilbod om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald mellom Voss herad, Helse Bergen HF og Voss DPS NKS Bjørkeli.

l. Partane

Denne avtalen er inngått mellom Voss herad, Voss DPS NKS Bjørkeli og Helse Bergen HF. Voss herad har, som vertskommune for tilbodet om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD), inngått tosidig samarbeidsavtale med Ulvik herad, Eidfjord kommune, Vaksdal kommune og Kvam herad om heilt eller delvis å levera tilbod om kommunal ØHD til deira innbyggjarar i samsvar med denne avtalen.

2. Bakgrunn og heimel for avtalen

Partane er etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester av 14. juni 2011 §6-2 nr. 4 pålagd å inngå samarbeidsavtale som skildrar korleis heradet skal etablera og drifta døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp. Viser til Tenesteavtale 4, inngått den l. mars 2018.
Det som er avtalt i Tenesteavtale 4 gjeld i tillegg til det som går fram av denne særavtalen. Dersom det er motstrid mellom denne særavtalen og Tenesteavtale 4, har tenesteavtalen forrang, jf. punkt 13 i Tenesteavtale 4.
Partane er i samsvar med Tenesteavtale 4 forplikta til å utarbeida særavtale knytt til å synleggjera geografiske, organisatoriske og faglege spørsmål, jf. punkt 6 i tenestavtalen. Vidare skal særavtalen konkretisera og tydeleggjera korleis ansvars- og oppgåvedelinga skal praktiserast mellom spesialisthelsetenesta og det kommunale øyeblikkeleg hjelp døgntilbodet.
Avtalen er utarbeidd på bakgrunn av:

Det vart etablert tre senger for ØHD i Voss kommune frå 4. januar 2016. Frå l. januar 2018 vart drifta av ØHD utvida til også å omfatta pasientar med psykiske helseproblem og/eller rusmiddelproblem.

3. Målsetting med verksemda

Tilbodet skal bidra til å redusera tal øyeblikkeleg hjelp innleggingar i spesialisthelsetenesta ved å unngå innleggingar i spesialisthelsetenesta når det ikkje er ynskjeleg eller naudsynt ut frå ein heilskapleg medisinsk og psykososial vurdering, jf. Rettleiaren s. 5. For den einskilde pasient skal tilbodet i ØHD vera like godt eller betre enn innlegging i spesialisthelsetenesta.
 
ØHD skal bidra til god utnytting av dei samla ressursane i spesialisthelsetenesta, Voss herad, og dei andre kommunane som har avtale med Voss herad om drift av ØHD, samt gode samarbeidsrelasjonar innanfor og mellom tenestenivåa til pasienten og brukaren sitt beste.
Det skal sikrast ei funksjonell og effektiv drift av ØHD for deltakande kommunar etter gjeldande medisinske og sjukepleiefaglege standardar.

4. Organisering av tilbodet

Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald er lokalisert på Voss sjukeheim, kortidsavdelinga 2. etasje, Sjukehusvegen 15, 5704 Voss. ØHD disponerer tre senger. Tenesteavtale 4 punkt 4.1 definerer kva pasientar tilbodet er aktuelt for.

På tidspunktet for avtaleinngåing er ØHD plassert under avdeling for Helse og Omsorg i Voss herad. Tilbodet vert leia av avdelingsleiar på den aktuelle avdelinga som har ansvar for drift. Avdelingsleiar har og administrativt ansvar for tilsynslege som er medisinsk fagleg ansvarleg for tilbodet. Avdelingsleiar rapporterer til områdeleiar for Område vest. Rådmannen i Voss herad har det øvste ansvaret for den administrative leiinga og dagleg drift. Det overordna medisinsk-faglege ansvaret er plassert hjå kommuneoverlegen.

ØHD sengene skal bemannast til døgnkontinuerleg drift med kompetent helsepersonell, med sjukepleiar til stades 24 timar i døgeret, jf. Avtalens punkt 7.

Det skal til ei kvar tid vera tilgang på lege etter fylgjande oppsett:

  • På kvardagar skal tilsynslege på Voss sjukeheim ha tilsyn med pasientane på dagtid.
  • Det er ikkje lege til stades på kveld, natt, helg og heilagdagar.
  • Legevaktslegen ringer avdelinga og f'ar rapportert om eventuelt inneliggande i ØHD­ sengene og gjer så tilsyn på pasientane mellom kl. 12-13 helg- og heilagdagar.
  • Ved akutt forverring av tilstand til pasientar utanom planlagde periodar for tilsyn skal legevaktslege tilkallast for tilsyn kveld, natt, helg og heilagdagar.

Liggjetida i tilbodet skal som hovudregel vera maksimalt tre dagar. Det vil likevel vera tilstanden til pasienten og/eller psykososiale forhold rundt pasienten som er avgjerande for om det er forsvarleg å skriva pasienten ut av tilbodet eller senda pasienten til eit høgare behandlingsnivå.

5. Målgruppe for tilbodet

Opphaldet i ØHD skal gjelda for innbyggjarar i Voss herad og samarbeidskommunane, og andre personar heradet/kommunen har ansvar for etter helse- og omsorgstenestelova § 3-1, l. ledd. Tilbodet kan gjevast til pasientar som etter ei individuell og heilskapleg medisinsk fagleg vurdering av symptombilde og funksjonsnivå vil ha nytte av den observasjonskompetanse og det behandlingstilbodet som er tilgjengeleg ved ØHD. Opphaldet er aktuelt for pasientar kor dette er fagleg forsvarleg og er like godt, eller betre enn innlegging i spesialisthelsetenesta.

Helse- og omsorgstenestelova omfattar alle pasientgrupper, også pasientar med psykiske helseproblem/liding og rusmiddelproblem, som skal sikrast likeverdig tilgang til tenester, også kommunal øyeblikkeleg hjelp døgnopphald, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-1 andre ledd.
Pasienten skal utan forseinking innleggjast i sjukehus dersom ansvarleg lege er i tvil eller om behandling i spesialisthelsetenesta er naudsynt. Ingen pasientar frå ØHD skal innleggjast i spesialisthelsetenesta grunna mangel på pleie -og omsorgsressursar i heradet/kommunen.

Voss herad har utarbeidd ei retningsline for tilvising av pasientar til ØHD i samarbeid med partane. Retningslina skal innehalda rutine for tilvising av pasientar og aktuelle telefonnummer for kontakt. Frist for revisjon av retningsliner vil vera innan utgangen av oktober, revisjon skal gjerast årleg.


5.1. Eksklusjonskriterier

Fylgjande pasientar skal ikkje verta tilvist til ØHD:

  • Som hovudregel ikkje pasientar under 18 år
  • Akutt forverring av kjend kronisk sjukdom, der vurdering av alvorlegheitsgrad, komorbiditet og funksjonssvikt tilseier innlegging i sjukehus
  • Akutt funksjonssvikt hjå eldre med kroniske sjukdommar, der det kan vera vanskeleg å finna årsaksforhold og der det er fare for rask forverring
  • Traume med uavklart alvorlegheitsgrad
  • Ryggsmerter med nevrologiske raude flagg, blære eller sphincterpareser, ridebukseanestesi eller aukande muskelparese
  • Pasientar med definerte pasientforløp, som for eksempel hjerneslag eller hjarteinfarkt, skal leggjast inn i sjukehus
  • Sepsis
  • Respirasjonssvikt type I og Il med etablert oksygentilskot og/eller ved perifer metning under90%
  • Status epilepticus
  • Gravide
  • Nyoppdaga, uavklara psykose
  • Sjølvmordsfare og/eller alvorleg sjølvskading
  • Stor uro, manglande impulskontroll, utagering, vald
  • Kjent høgt forbruk av alkohol, og tidlegare alvorlege abstinensreaksjonar som krampar, delerium tremens eller Wernickes encephalopati
  • Mistanke om «stigande/kronisk» alkohol intoksikasjon
  • Narkotika/legemiddel intoksikasjon som krev kontinuerleg overvaking

6. Ansvar og oppgåvefordeling

Voss herad skal syta for tilbod om døgnopphald for helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar med behov for øyeblikkeleg hjelp. Plikta gjeld berre for dei pasientane og brukarane som heradet/kommunen har moglegheit til å utgreia, behandla og yta omsorg for (helse- og omsorgstenestelova § 3-5 tredje ledd).

Voss herad har ansvar for drift av ØHD og at drifta er i samsvar med gjeldande regelverk og kva som er forsvarleg. Jamfør tenesteavtale 4 punkt 6 skal det vera ei driftsgruppe med deltakarar frå partane.
Voss herad skal utarbeida naudsynte rutinar og retningsliner for øyeblikkeleg hjelp døgnopphald i dialog med Helse Bergen og Voss DPS NKS Bjørkeli. Rutinar og retningsliner skal vurderast av driftsgruppa før dei vert sett i verk. Partane er forplikta til å implementera nye rutinar og retningsliner i eigen organisasjon.

Voss herad har ansvar for at ØHD driftsgruppe har møte tre gonger årleg. Det skal sendast kvartalsrapport til representantar i driftsgruppa, samarbeidskommunane og samarbeidspartnarar. Voss herad har og ansvar for at det føreligg mandat for driftsgruppa. Revidert mandat skal vera utarbeidd i samarbeid mellom partane og skildra ansvar, oppgåver og arbeidsform. Kvar av partane har ansvar for å stilla med relevante representantar i driftsgruppa. Voss herad har ansvar for å invitera brukarrepresentant til driftsgruppa.

Driftsgruppa skal blant anna arbeida med å fremja samhandling mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, monitorering og evaluering av ØHD tilbodet, gjennomgang av avvik, ha fokus på pasientsikkerheit, sjå til at ein utviklar gode pasientforløp og arbeida for å vidareutvikla tilbodet.

Helse Bergen HF og Voss DPS NKS Bjørkeli har rettleiingsplikt, jf. spesialisthelsetenestelova §6-3. Partane har avtalt at det skal vera mogleg for lege eller sjukepleiar ved ØHD å ha telefonkontakt med relevant kompetent helsepersonell i Helse Bergen HF på døgnbasis. Sjå også punkt 7.3.

Voss DPS NKS Bjørkeli kan kontaktas mellom kl.08.00- 17.00 alle kvardagar.


7. Kvalitet på tilbodet i ØHD

Tilbodet skal vera fagleg forsvarleg og vera eit godt alternativ til innlegging i spesialisthelsetenesta.


7.1 Kompetanseplanar og behandlingsplanar og prosedyrar
Voss herad har ansvar for at det er tilgjengeleg oppdaterte kompetanseplanar, behandlingsplanar og prosedyrar for ØHD. Rettleiande behandlingsplanar skal reviderast årleg av kommuneoverlege.
Planane og prosedyrane skal gjennomgåast til orientering i driftsgruppa etter at revidert særavtale har trådd i kraft. Vidare skal partane informerast gjennom driftsgruppa om endringar eller ved manglande etterleving av planar eller prosedyrar. Helse Bergen HF og Voss DPS NKS Bj ørkeli skal gje råd og vegleiing ved revidering av behandlingsplanar om det er behov.


7.2 Utstyr og støttefunksjonar
Voss herad er ansvarleg for at helsepersonell som yter helsehj elp i ØHD har naudsynt tilgang på eit forsvarleg pasientjournalsystem. Det vert nytta elektronisk informasj onsutveksling gjennom E-linkmeldingar. Voss herad har ansvar for innkjøp av naudsynt medisinsk teknisk utstyr for å kunna gje forsvarleg behandling til dei pasientgruppene som til ei kvar tid er innlagde i ØHD. Voss herad har ansvar for drift og vedlikehald av dette utstyret. Medisinsk teknisk utstyr skal jamleg vurderast med omsyn til oppjustering i samsvar med den tekniske utviklinga og aktuelt pasientgrunnglag.


7.3 Kompetanseutveksling og rettleiing
Behov for hospitering mellom partane skal formidlast og drøftast gjennom driftsgruppa. Det skal vera mogleg for lege og sjukepleier ved ØHD å få vegleiing om enkeltpasientar frå relevant helsepersonell ved Helse Bergen HF eller Voss DPS NKS Bj ørkeli via telefon, jfm. vegleiingsplikta og spesialisthelsetenestelova. Alle partar har ansvar for at kontakt mellom
helsenivå om enkeltpasientar vert dokumentert ihht. krava i lov om helsepersonell og forskrift om pasientjournal.

8. Informasjon og kommunikasjon

Partane skal sørga for at tilbodet om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald i Voss herad er kjend for alle involverte medarbeidarar og samarbeidspartnarar, dette gjeld og pasient- og brukarorganisasjonar.
Heradet er og forplikta til å gje naudsynt informasjon om tilbodet til aktuelle samarbeidspartar og innbyggjarar i kommunane.

Partane skal utpeika ein kontaktperson som er ansvarleg for fortløpande gjensidig informasjon. Dersom ein part for eksempel ynskjer endring av avtalen, eller vil gjera endringar i det avtalte ØHD-tilbodet eller ved liknande høve, skal skriftleg informasjon om dette sendast direkte til leiinga hjå dei andre partane i avtalen.

9. Samarbeid med prehospital akuttmedisin

I samhandlingsstrukturen er det etablert eit akuttmedisinsk underutval (UFAB), Voss herad og Helse Bergen HF er deltakarar. Voss DPS NKS Bjørkeli vert halde orientert gjennom driftsgruppa eller gjennom referat frå møta ved relevante saker. Partane skal til ein kvar tid forhalda seg til gjeldande avtalar om akuttmedisinsk beredskap. Partane visar elles til Tenesteavtale 11 og 12.

10. Evaluering

Drifta av ØHD skal kontinuerleg følgjast opp og monitorerast av driftsgruppa. I tillegg til oppfylging gjennom driftsgruppa, skal partane i fellesskap gjennomføra ein meir systematisk evaluering av tilbodet. Evalueringa skal omfatta ei vurdering av tilbodet sin effekt og i kva grad målsettingane er oppnådde. Evalueringa skal og innehalda brukarane og samarbeidspartane sine erfaringar.
Partane er einige om at det skal verta gjennomført brukarundersøkingar av tilbodet. Driftsgruppa planlegg og gjennomfører evalueringsarbeidet og brukarundersøkingar.

11. Handtering av avvik og usemje

Avvik knytt til samhandling mellom partane om ØHD skal meldast etter gjeldande retningsline;

Partane må sjølv vurdera om det er naudsynt å supplera den felles retningslina med interne prosedyrar for sakshandsaming. Alle avvik knytt til samhandling mellom partane angåande ØHD skal leggjast fram for og diskuterast i driftsgruppa. Brukarrepresentanten/ane i driftsgruppa skal ikkje delta når det vert gjennomgått avvik som er knytt til enkeltpasientar. Partane har eit gjensidig ansvar for å lukka og svara ut avvik knytt til dei ansvarsområda som ligg til kvar av partane, og ansvar for at det vert gjeve tilbakemelding til driftsgruppa.
Gjentatte like avvik må vurderast opp mot retningslinene, og føra til kritisk gjennomgang for å vurdera om avvika skal føra til systemendring. Utover dette vert det synt til punkt om avvik i overordna samarbeidsavtale.

12. Avtalens varigheit, revisjon og oppseiing

Avtalen trer i kraft når alle partane har signert (12.12.19). Punkt som regulerer varigheit, revisjon og oppseiing i Tenesteavtale 4 gjeld tilsvarande for denne avtalen. Kvar av partane kan krevja at avtalen vert revidert om vesentlege forutsetningar for avtalen vert endra.

13. Dato og underskrift av partane

Avtalen føre ligg i tre eksemplar og kvar av partane beheld eit eksemplar.

Signert særavtale om døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp lokalisert til Voss herad (PDF)

Fann du det du leita etter?