Særavtale til Tenesteavtale 6. Kreftomsorg

Særavtale for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering. Avtale om drift av nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Bergen HF sitt føretaksområde.

Særavtale nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling, august 2012, redigert 2014 og 2016.

1. Bakgrunn

Avtalen er ei vidareføring av Avtale om etablering og drift av nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling mellom Helse Bergen HF, Haraldsplass Diakonale Sykehus, kommunane i Helse Bergen HF sitt føretaksområde, Kreftforeningen distriktskontor Bergen og VID vitenskapelige høgskole (tidlegare Høgskolen Betanien), som første gang tok til å gjelde 01.08.2006 og siste gang vart fornya i juni 2010. I samband med Samhandlingsreforma og nye tenesteavtalar mellom spesialist- og kommunehelsetenesta vert avtalen no endra til ein særavtale under Tenesteavtale nr 6, jamfør punkt 1, 4.2 og 7.1 i Tenesteavtale 6. Det som er avtalt i tenesteavtale 6, gjeld i tillegg til det som går fram av denne særavtalen. I tilfelle motstrid mellom denne avtalen og tenesteavtalen skal tenesteavtalen ha forrang.

I tillegg til dei lovene og dokumenta som er nemnde i tenesteavtalen, byggjer denne særavtalen på:

  • Plan for nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde, mars 2006
  • Sammen – mot kreft. Nasjonal kreftstrategi 2013-2017. Helse- og omsorgsdepartementet 2013
  • Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for palliasjon i kreftomsorgen. Helsedirektoratet 2007, sist revidert 2015
  • Strategi 2016-2019. Kreftforeningen

2. Partar

Avtalen gjeld mellom kommunane i Helse Bergen HF sitt føretaksområde, Helse Bergen HF, Haraldsplass Diakonale Sykehus AS, Kreftforeningen distriktskontor Bergen og VID vitenskapelige høgskole.

3. Føremål

Målet er planfast kompetanseheving, samhandling og samarbeid mellom ressurspersonar slik at kreftpasientar og andre pasientar med behov for lindrande behandling, samt deira pårørande, opplever god kvalitet og tryggleik i alle nivå av helsetenesta.

4. Verkeområde og avgrensing

Nettverket består av ressurspersonar frå kvar kommune og frå sjukehusavdelingar som behandlar kreftpasientar eller andre pasientar som treng lindrande behandling. Nettverket skal vere sentralt for å ivareta kontinuiteten i pleie- og omsorgstilbodet og for å spreie kompetanse om kreftomsorg og palliasjon i heile føretaksområdet.


Dei praktiske oppgåvene til ressurspersonane er knytt til:

  • Klinisk arbeid på arbeidsplassen
  • Samhandling og systemarbeid
  • Klinisk forbetringsarbeid og kompetanseoppbygging
  • Interkommunale løysingar kan vurderast for ressurspersonar innan andre fagområde enn sjukepleie.

5. Avklaring av omgrep

Ressursperson er i avtalen å forstå som fagperson med interesse for og særleg kompetanse, fortrinnsvis vidareutdanning, i kreftomsorg og lindrande behandling. Ressurspersonane skal ha eit definert ansvarsområde og ein definert funksjon innan kreftomsorg og lindrande behandling på arbeidsplassen sin, og deltar i felles nettverk.
Funksjonen som ressursperson er ei personleg oppnemning knytt til arbeidsfelt og kompetanseområde.

6. Organisering av nettverket

Nettverket er organisert gjennom lokale nettverksgrupper. Det blir drifta av ei styringsgruppe og ei eller fleire fagspesifikke driftsgrupper. Driftsgruppene står for den daglege drifta av nettverket.
Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) representerer Helse Bergen HF sin faglege forankring i nettverket og har sekretariatsfunksjonen for nettverket.

Styringsgruppa er samansett av tre (3) administrative representantar frå kommunane i føretaksområdet og ein (1) representant frå kvar av dei andre partane i avtalen. I tillegg er leiarane for driftsgruppene med i styringsgruppa.

Oppnemning av representantane skjer for to (2) år om gongen. Samarbeidsutvala nemner opp representantane frå kommunane. Styringsgruppa vel leiar for to (2) år om gongen. Partane bør streve etter å få både kontinuitet og nyrekruttering ved oppnemning av nye representantar til styringsgruppa.

Nettverket av ressurssjukepleiarar er organisert i 7 eller 8 lokale nettverksgrupper. Desse rapporterer til ei sentral driftsgruppe, som igjen rapporterer til styringsgruppa.

Driftsgruppa for nettverket av ressurssjukepleiarar er samansett av ein (1) representant frå kvar av dei følgjande:

Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest, Kreftforeningen distriktskontor Bergen og Sunniva senter for lindrende behandling ved Haraldsplass Diakonale Sykehus. I tillegg skal driftsgruppa ha ein representant frå kvar av nettverksgruppene. Deltakarane frå nettverksgruppene bør representere både kommunar og sjukehus.

Oppnemning av representantane skjer for to (2) år om gongen. Driftsgruppa vel leiar for to (2) år om gongen. Når ein nemner opp nye representantar til driftsgruppa, bør partane ta omsyn til både kontinuitet og nyrekruttering.
Nettverksgruppene i nettverket av ressurssjukepleiarar er samansett av ressurspersonar som er nemnd opp frå kommunane, Helse Bergen HF og Haraldsplass Diakonale Sykehus, med følgjande inndeling:

Gruppe 1: Nettverksgruppe Bergen I

  • Arna, Åsane og Bergenhus bydelar
  • Haukeland universitetssjukehus
  • Haraldsplass Diakonale Sjukehus

Gruppe 2: Nettverksgruppe Bergen II

  • Fana, Ytrebygda og Årstad bydelar
  • Haukeland universitetssjukehus

Gruppe 3: Nettverksgruppe Bergen III

  • Fyllingsdalen og Laksevåg bydelar
  • Haukeland universitetssjukehus

Gruppe 4: Nettverksgruppe Bergen Vest

  • Askøy
  • Fjell
  • Sund
  • Øygarden
  • Haukeland universitetssjukehus

Gruppe 5: Nettverksgruppe Midthordland

  • Austevoll
  • Fusa
  • Os
  • Samnanger
  • Haukeland universitetssjukehus

Gruppe 6: Nettverksgruppe Voss

  • Eidfjord
  • Granvin
  • Kvam
  • Ulvik
  • Vaksdal
  • Voss
  • Voss sjukehus

Gruppe 7: Nettverksgruppe Nordhordland

  • Austrheim
  • Fedje
  • Gulen
  • Lindås
  • Masfjorden
  • Meland
  • Modalen
  • Osterøy
  • Radøy
  • Haraldsplass Diakonale Sykehus

Tilsvarande organisering med nettverksgruppe(r) og driftsgruppe vil gjelde for nettverk innan andre fagområde, til dømes nettverk av fysio- og ergoterapeutar eller sosionomar. Talet på nettverksgrupper må verte tilpassa størrelsen på nettverket.

7. Funksjon og ansvarsfordeling

Funksjon og ansvar for styringsgruppa

  • Styringsgruppa har overordna ansvar for nettverket
  • Styringsgruppa har ansvar for å sikre ei heilskapleg organisering av nettverket gjennom forpliktande avtalar
  • Styringsgruppa skal følgje opp driftsgruppene sitt arbeid
  • Styringsgruppa skal bidra med evaluering av og forslag til revisjon av denne avtalen
  • Handtere eventuelle avvik, jf. punkt 9.

Funksjon og ansvar for driftsgruppene

  • Driftsgruppene skal bidra til at det forpliktande samarbeidet fungerer etter intensjonen
  • Driftsgruppene har ansvar for den praktiske drifta av nettverket og skal lage ein plan for arbeidet
  • Driftsgruppene skal bidra til kompetanseutvikling i nettverket, i samsvar med vedtatt kompetanseplan
  • Driftsgruppene skal bidra til at det vert utarbeidd og implementert kliniske retningslinjer, prosedyrar og kvalitetssystem innan fagområdet
  • Driftsgruppene bør arrangere ei årleg felles samling for nettverket og introduksjonskurs for nye ressurspersonar etter behov
  • Leiar av den enkelte driftsgruppa rapporterer til styringsgruppa
  • Handtere eventuelle avvik, jf. punkt 9.

Funksjon og ansvar for nettverksgruppene og ressurspersonane

  • Nettverksgruppene skal bidra til at det forpliktande samarbeidet fungerer etter intensjonen
  • Nettverksgruppene skal bidra til samhandling og fagleg kvalitet i tilbodet til pasientar og pårørande
  • Nettverksgruppene skal bidra med erfaringsutveksling, rettleiing, fagleg utvikling og kompetanseheving, både i gruppa og på arbeidsplassen til den einskilde ressursperson
  • Nettverksgruppene skal bidra til at det vert utarbeidd og implementert kliniske retningslinjer, prosedyrar og kvalitetssystem innan fagområdet
  • Nettverksgruppene forpliktar seg til jamlege lokale samlingar, minimum ein gong per halvår
  • Nettverksgruppene forpliktar seg til å delta på den årlege fellessamlinga for nettverket
  • Den enkelte ressurspersonen skal ein gong i året på førespurnad rapportere om funksjonen sin

8. Partane sitt bidrag

Partane forpliktar seg til å bidra til at målsettinga for nettverket realiserast. Partane skal legge tilhøva til rette slik at ressurspersonane kan utøve sine funksjonar i det daglege arbeidet og kan delta på nettverkssamlingar, andre relevante kurs og konferansar og i hospiteringsprogram, og bidra med dei økonomiske ressursane som dette krev.

Dersom ein ressursperson sluttar, har avtaleparten ansvar for ny oppnemning og melding til sekretariatet (KLB) og driftsgruppa for nettverket. Når ny ressursperson vert oppnemnd, skal arbeidsgjevar kalle inn til eit møte der forventningar, planar og ønskje vert avklara.

Kvar av partane dekkjer sine eigne utgifter til deltaking i nettverket.
Samlingane i nettverket vert arrangert etter ei rotasjonsordning, så rimeleg som muleg.

9. Handtering av avvik

Avvik som blir meldt i samband med drifta av nettverket, skal i første omgang tas opp internt hos den aktuelle parten. Dersom avviket ikkje blir lukka med dette, skal det løftast til driftsgruppa, og ved behov til styringsgruppa, jfr. punkt 7.1 og 7.2. Partane har gjensidig ansvar for å lukke avvik knytt til dei ansvarsområda som ligg til kvar av partane.

Ut over dette vert det vist til punktet om avvik i den overordna samarbeidsavtalen.

10. Iverksetting, evaluering og revisjon

Denne særavtalen trer i kraft frå 1. august 2012. Når det gjeld krav til evaluering og revisjon følgjer dette av tenesteavtale 6.

Helse Bergen HF forpliktar seg til å ha gjeldande avtale liggande på internett slik at den er tilgjengeleg for partane og sentrale helsemyndigheiter.

Nødvendige redigeringar vart utførte 30. september 2014 og 2. november 2016.

Fann du det du leita etter?