Særavtale til tenesteavtale 7. Samarbeid om utlysing og tilsetting i kopla stillingar for LIS1

Oppdatert avtale gjeldande frå 01.04.2019

1. Partar

Denne samarbeidsavtalen gjeld mellom kommunane i Helse Bergen HF sitt føretaksområde, som har etablert stillingar for LIS1 (tidlegare legeturnus) i kommunehelsetenesta, og sjukehusa Haraldsplass Diakonale Sykehus AS og Helse Bergen HF, her under også Voss sjukehus.

2. Bakgrunn og verkeområde

Kommunar og sjukehus skal samarbeide om å lyse ut kopla stillingar for lege i spesialisering del 1 (LIS1), slik at den som blir tilsett får gjennomført heile utdanninga sin første del gjennom ei utlyst stilling, jf. § 11 i spesialistforskrifta gjeldande frå 01.03.2017.

Avtalen skal vere i samsvar med relevant regelverk og etablerte ordningar for utlysing og søknad om stilling for LIS1.

Samarbeidsavtalen er inngått i samsvar med tenesteavtale 7  heimla i lov om kommunale helse- og omsorgstenester kap. 6 og lov om spesialisthelsetenesta m.m. § 2-1e.

3. Føremål og avgrensingar

Føremål og verkeområde for denne avtalen er å klargjere kommunane og sjukehusa sitt ansvar og oppgåver i samarbeidet om utlysing og tilsetting i kopla stillingar for LIS1.

Avtalen omhandlar ikkje ansvar og oppgåver innanfor mandatet til det regionale utdanningssenteret for legar i spesialisering (RegUt) basert på spesialistforskrifta. RegUt er etablert for å ivareta utdanningsaktivitetar i ny ordning for legar si spesialistutdanning, mellom anna for å betre kvalitet, effektivitet, føreseielegheit og progresjon i utdanningsløpa, og skal delta i tverregional ordning for å sikre nasjonal, samordna spesialistutdanning.

Denne avtalen skal bidra til gode prosessar for utlysing og tilsetting i kopla stillingar for LIS1, som skal ivareta kommunane, sjukehusa og LIS1 sine interesser. Partane skal saman legge til rette for best mogleg gjennomføring av første del av spesialistutdanninga for legar. 

Avtalen skal bidra til eit langsiktig samarbeid om:

  • best mogleg rekruttering og tilsetting av LIS1 i kommunane og sjukehusa
  • å sikre tilsetting av rette kandidatar i høve partane sine behov
  • å styrke partane sitt omdømme som profesjonell og attraktiv utdanningsarena og arbeidsgivar for LIS1

4. Roller og ansvar

Sjukehusa og kommunane

Sjukehusa og kommunane har ansvaret for utlysing og tilsetting av LIS1 i kopla stillingar.

Sjukehusa samarbeider om kopling av stillingar med dei kommunane partane på førehand er samde om. Fastsetting og endring av kommunar og sjukehus som samarbeider  skjer i dialog mellom alle avtalepartar. Oversikt over samarbeidskommunar skal finnast på nettsida www.saman.no.

Sjukehusa og kommunane blir einige om fordeling av LIS1 til kommunane i løpet av dei første åtte månadene etter tilsetting i sjukehuset.

Sjukehusa

Sjukehusa har ansvar for å administrere og koordinere arbeidet med utlysing og tilsetting av kopla stillingar for LIS1 på ein slik måte at også kommunane sine interesser blir best mogleg ivareteke. Sjukehusa held samarbeidskommunane sin(e) kontaktperson(ar) orientert om framdrifta.

Sjukehusa lyser ut ledige stillingar i Helsedirektoratet sin utlysingsportal etter nasjonalt fastsette fristar, og etter reglane i spesialistforskrifta § 10. Sjukehusa vel ut kandidatar etter kvalifikasjonsprinsippet i offentleg verksemd, og i samsvar med dei generelle vilkåra for tilsetjing i spesialistforskrifta §§ 7 og 8.

Helse Bergen HF har den koordinerande rolla der det er naturleg med samarbeid mellom alle avtalepartane.

Kommunane

Kvar samarbeidskommune vel kontaktperson(ar) for samarbeidet med sjukehusa i prosessen med utlysing og tilsetting av LIS1 i kopla stillingar, og melder snarast til sjukehusa kven som er kontaktperson(ar). Kontaktperson(ane) frå kommunane deltar i rekrutteringsprosessen.

Helse Vest RHF

Rolla til dei regionale helseføretaka er beskriven i spesialistforskrifta § 4. Det regionale helseføretaket  skal sørgje for dekking av regionen sitt behov for utdanning av spesialistar, her under sørgje for tilbod om stillingar til sjukehusdelen av utdanninga sin første del.

Helsedirektoratet

Helsedirektoratet er tillagt myndigheitsoppgåver relatert til styring og struktur for legane si spesialistutdanning, kfr. Spesialistforskrifta § 3.

Helsedirektoratet si rolle når det gjeld fordeling og utlysing av stillingar for LIS1 er beskriven i spesialistforskrifta §§ 9 og 10. Helsedirektoratet fastset tal på LIS1-stillingar og fordelinga av desse, og har ansvar for det administrative arbeidet med utlysingsportalen for ledige LIS1-stillingar i sjukehus og kommunar.

Helsedirektoratet kan om nødvendig pålegge det enkelte regionale helseføretak eller den enkelte kommunen å tilsette legar i utdanninga sin første del.

Fylkesmannen

Stillingar i den kommunale helse- og omsorgstenesta blir fastsett fylkesvis av Helsedirektoratet og fordelt til dei enkelte kommunane i samråd med Fylkesmannen. Eventuelle pålegg frå Helsedirektoratet til kommunar om å tilby stilling skjer i samråd med Fylkesmannen.

5.  Modell for kopling

Partane er samde om kopling av stillingar for LIS1 etter modellen i spesialistforskrifta §11 bokstav b), dvs. at søkar først blir tilsett i ei stilling i sjukehuset eller helseføretaket. Søkar får deretter rett til tilsetting i ein av dei kommunane som sjukehuset eller helseføretaket samarbeider med.
Tenesta for LIS1 i kommunane kan ikkje ta til før tenesta i sjukehusa er godkjent.

Sjukehusa og kommunane si plikt til å ta imot LIS1 som kjem tilbake etter fråvær er regulert i spesialistforskrifta §12. Sjukehusa er ikkje forplikta til å sørgje for at det er LIS1 til teneste i kommunen dersom LIS1 av nokon grunn ikkje kan tiltre eller fullføre sin teneste i kommunen.
 

6. Søknadsutlysing og tilsettingsprosess

Sjukehusa og representant(ar) frå kommunane skal i samråd utforme minimumskriterium for utveljing av LIS 1 knytt til søknadsutlysing og tilsetting. I dette arbeidet skal tillitsvalde involverast.

Minimumskriterium ved søknadsutlysing av stillingar for LIS1 er:

  • Norsk autorisasjon eller LIS1-lisens  etter helsepersonellova før oppstart
  • Ikkje tidligare godkjent norsk turnusteneste eller oppnådd alle læringsmåla for del 1 av spesialistutdanninga.
    • Legar som har gjennomført deler av turnus, kan fram til 1. mars 2019 bli tilsett i reststillingar for LIS1.
  • Tilstrekkelege språkkunnskapar for ei forsvarleg yrkesutøving
  • Referansar frå praksis eller relevant arbeidserfaring
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Motivasjon for stillinga

Utveljing og intervju blir gjennomført av representantar frå sjukehuset med særleg kompetanse innan rekruttering og/eller innhald i LIS1-tenesta. Representantar for samarbeidskommunane vil og kunne delta under intervju.

7. Fullføring av utdanninga sin første del etter fråvær

Ein lege som har hatt sjukefråvær, permisjonar eller anna lovfesta eller tariffbestemt fråvær på meir enn ti prosent av utdanningstida i stilling som LIS1, skal få tilbod om å fullføre hos same arbeidsgivar etter reglane i spesialistforskrifta § 12.

8. Handtering av usemje, tvisteløysing, herunder misleghald

I tilfelle motstrid mellom denne avtalen og tenesteavtale 7 eller overordna samarbeidsavtale, har tenesteavtalen og overordna samarbeidsavtale forrang.

Usemje og tvist skal løysast i samsvar med overordna samarbeidsavtale.
Konsekvensen av eventuelle avtalebrot er regulert i overordna samarbeidsavtale.

9. Evaluering av samarbeidet

Partane er samde om gjennomgang av avtalen anna kvart år, og jamleg rapportering og evaluering  av samarbeidet. Kvar av partane kan krevje avtalen revidert dersom vesentlege føresetnader blir endra.

Evaluering skal skje i samarbeid mellom avtalepartane, på initiativ frå Helse Bergen HF.  I tillegg skal eventuelle endringar i lovverk eller sentrale krav som kan medføre endra oppgåvedeling, bli lagt til grunn for ein gjennomgang, og ved behov, nødvendig revidering av avtalen, jf. punkt 10.

10. Iverksetting, revisjon og moglegheit for oppseiing av avtalen

Denne avtalen var først gjeldande frå 1.7.2013 med revisjon gjeldande frå 01.04.2019. Avtalen følgjer elles føringar for varigheit, revisjon og oppseiing fastsett i tenesteavtale 7.  

11. Publisering av avtalen

Avtalen vert publisert på www.saman.no, saman med dei andre gjeldande samarbeidsavtalane i området. Partane pliktar å gjere avtalen kjent for eigne tilsette og sikre implementering i eigen organisasjon.

12. Dato og underskrift av partane

Oppdatert avtale gjeldande frå 01.04.2019

Lindås kommune  |  Haraldsplass Diakonale Sykehus |Radøy kommune |Helse Bergen HF| Vaksdal kommune | Voss kommune | Ulvik kommune  | Eidfjord kommune | Kvam kommune  | Masfjorden kommune | Austrheim kommune  | Meland kommune | Osterøy kommune  |  Askøy kommune | Bergen kommune  | Fjell kommune | Sund kommune  |  Austevoll kommune | Øygarden kommune  | Os kommune.

 
Til alle samarbeidsavtalar

Fann du det du leita etter?