Tenesteavtale 11

Tenesteavtale 11. Samarbeid om omforeina beredskapsplanar og planar for den akuttmedisinske kjeda.

1. Partar

Avtalen er inngått mellom Helse Bergen HF, Haraldsplass Diakonale Sykehus AS og dei
18 kommunane i føretaksområdet.

2. Bakgrunn

Partane er etter Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 6-2 nr. 11
pålagt å inngå samarbeidsavtale om omforeina beredskapsplanar.

Avtalen er utarbeidd i samsvar med:

  1. ​Lov om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapsloven)
  2. Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. (spesialisthelsetjenesteloven)
  3. Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester mm. (helse og omsorgstjenesteloven)
  4. Forskrift om krav til og organisering av kommunal legevaktordning, ambulansetjeneste, medisinsk nødmeldetjeneste mv. (akuttmedisinforskriften)
  5. Forskrift om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid mv. etter lov om helsemessig og sosial beredskap
  6. Nasjonal helseberedskapsplan (2018)
  7. Rettleiingsmateriell frå Helsedirektoratet
  8. Overordna samarbeidsavtale om samhandling

Partane inngjekk samarbeidsavtale om omforeina beredskapsplanar og om planar for den akuttmedisinske kjeda i 2012. Akuttmedisinforskrifta kom i 2015, og har tydeleggjort korleis samhandlinga om den akuttmedisinske kjeda skal gjerast. Det er difor einigheit om å revidere eksisterande avtale, og utarbeide særavtalar for å sikre lik forståing av korleis ein skal etterleve krava i forskrifta.​

Partane er einig om at ein forstår formuleringa «omforeina beredskapsplanar» slik at det er eit krav om at kommunar og helseføretak skal samordne og dele sine beredskapsplanar og andre planar som er relevante for den akuttmedisinske kjeda. Partane er einige om at dette gjerast i tråd med overordna samarbeidsavtale (pt. pkt. 8).

Det følger av nasjonal helseberedskapsplan at alle verksemdene i helse- og omsorgssektoren har ansvar for å koordinere eigne førebuingar på bedredskapssituasjonar, slik at alle aktørar kan ta vare på sin rolle og sitt ansvar i godt samvirke med dei andre aktørane i eigen og andre sektorar.

3. Føremål og verknadsområde

Føremålet med denne avtalen er å beskrive fordeling av ansvar og oppgåver for kommune- og spesialisthelsetenesta i den akuttmedisinske kjeda, og at ein sikrar at partane sine beredskapsplanar er samordna.

Tenesteavtale 11 gjeld ikkje kommunen sitt ansvar for øyeblikkeleg hjelp døgnopphald. Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald er regulert i Tenesteavtale 4 for dei kommunane som har slike avtalar.

Partane har etablert eit Underutval for akuttmedisinsk beredskap (UFAB) som skal bidra til samordning av dette fagområdet. UFAB får sitt mandat frå, og rapporterer til, Samarbeidsutvala.

4. Ansvar og oppgåvefordeling i den akuttmedisinske kjeda

Helse Bergen HF og Haraldsplass DS og kommunane i føretaksområdet pliktar å samarbeide om utvikling av akuttmedisinske tenester slik at tilbodet samla blir tilgjengeleg og av god kvalitet. Dette gjeld m.a. å:

4.1. Delta i Samarbeidsutvalet sitt UFAB for å bidra til at tenestene er i 

samsvar med lover, forskrifter og gjeldande avtaler.

4.2 Bistå kvarandre med nødvendig kompetanseutvikling

4.3 Delta i og følgje opp nasjonale og regionale satsingar innan for den

prehospitale akuttmedisinen

5. Ansvar og oppgåvefordeling innan helsemessig beredskap


Partane pliktar å samordne og dele eigne planar for helsemessig beredskap for
ekstraordinære hendingar. Dette gjeld m.a. å:

5.1 På bakgrunn av partanes risiko- og sårbarheitsanalysar skal ein i fellesskap koma fram til område som treng særskild merksemd. Arbeidet gjennomførast som en del av UFABs oppgåver.

5.2 Vurdere førebyggande- og skadebegrensande tiltak og vurdere behov for opplæring, oppdatering av kompetanse og øvingar. Slike behov meldast til samarbeidsutvalet.

5.3 Avtalepartane skal gje gjensidig informasjon om særlege hendingar /arrangement, samt planlagde og akutte hendingar, som kan ha innverknad på den akuttmedisinske kjeda.

5.4 På eit tidleg tidspunkt informere dei andre avtalepartane om akutte eller varsla hendingar i kommunen/føretaket som kan få konsekvensar for beredskapen.

5.5 Kvar av partane har ansvaret for at det til kvar tid føreligg oppdatert kontaktinformasjon for beredskapssituasjonar som er tilgjengeleg for partane

6. Særavtaler

Partane pliktar å delta i arbeid med å utarbeide særavtaler mellom kvar kommunane og den prehospitale akuttmedisinske eininga til Helse Bergen HF der ansvar og oppgåver innan følgjande områder blir konkretisert:

- dersom akutthjelparordning skal etablerast, skal oppfølging og ansvar for denne beskrivast

- område som treng særskild merksemd på bakgrunn av konkretiserte beredskapsutfordringar i kommunen (f.eks. natur/samferdsel/industri)

- korleis partanes forpliktar seg til samtrening og øving

- eventuell felles kompetanseheving (verktøy, kurs, seminar mm.)

Oppdaterte, tilgrensande særavtaler vil til ein kvar tid finnes på www.saman.no.

7. Handtering av usemje/avvik, tvisteløysing og misleghald

I tilfelle motstrid mellom denne avtalen overordna samarbeidsavtale har overordna samarbeidsavtale forrang. 

I tilfelle motstrid mellom denne avtalen og særavtaler skal denne avtalen ha forrang.

Det vert vist til punkt om avvik i overordna samarbeidsavtale. Usemje og tvist skal løysast i tråd med overordna samarbeidsavtale. Konsekvensen av eventuelle avtalebrot er regulert i overordna samarbeidsavtale.

8. Varigheit, revisjon og oppseiing

Avtalen trer i kraft frå den er signert av partane og gjeld fram til ein av partane seier opp avtalen. Oppseiingsfrist er eit år, jfr. helse- og omsorgstjenesteloven § 6-5, 2. ledd. Avtalen erstattar Tenesteavtale 11 og 12 «Samarbeid om omforeina beredskapsplaner og planer for den akuttmedisinske kjeda” som blei sett i verk den 1. juli 2012.

Dersom ein av partane seier opp avtalen skal Helse Bergen HF varsle Helse Vest RHF. Det regionale helseføretaket skal varsle Helsedirektoratet, jf. Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 6-5, 2. ledd.

Kvar av partane kan krevje avtalen revidert dersom vesentlege føresetnader for avtalen vert endra. Partane skal gå gjennom avtalen årleg med sikte på nødvendige oppdateringar eller utvidingar.

 


Utskriftsvennlig versjon av Tenesteavtale 11

​​Sjå alle ​Tenesteavtalane

Tilknytta særavtalar:


Fann du det du leita etter?