Tenesteavtale 11 og 12

Tenesteavtale 11 og 12. Samarbeid om omforeina beredskapsplanar og planar for den akuttmedisinske kjeda.

​1. Partar

Avtalen er inngått mellom Helse Bergen HF, Haraldsplass Diakonale Sykehus AS og dei 22 kommunane i føretaksområdet.

2. Bakgrunn

Partane er etter Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 6-2 nr. 11 pålagt å inngå samarbeidsavtale som beskriv korleis føretaket og kommunane skal samarbeid om den akuttmedisinske kjeda og om omforeina beredskapsplanar.

Avtalen er utarbeidd i samsvar med:

  1. Prinsipp i grunnlagsdokument for samhandling mellom Helse Bergen HF, Haraldsplass Diakonale Sykehus AS og dei 22 kommunane i føretaksområdet.
  2. Overordna samarbeidsavtale om samhandling mellom kommunale helse- og omsorgstenester
  3. Rettleiingsmateriell frå Helsedirektoratet
  4. Overordna nasjonal helse- og sosialberedskapsplan (2007)
  5. Lov om helsemessig og sosial beredskap
  6. Forskrift om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus

3. Føremål og verknadsområde

Tenesteavtalen omfattar plikta til å beskrive fordeling av ansvar og oppgåver for helse- og omsorgstenesta i kommune- og spesialisthelsetenesta i den akuttmedisinske kjeda, og plikta til å utarbeide omforeina beredskapsplanar.
Tenesteavtale 11 og 12 gjeld ikkje kommunen sitt ansvar for øyeblikkelig hjelp døgnopphald. Tenesteavtale 4 omhandlar dette.

Sjølv om Tenesteavtale 11 og 12 formelt er inngått mellom kommunen og deler av spesialisthelsetenesta, er mange av kommunane sine tiltak innan dette fagområdet knytt til interkommunalt samarbeid.  Partane er derfor samde om å utgreie og ta stilling til om det skal etablerast Underutval for akuttmedisinsk beredskap (UFAB) knytt til dei overordna samarbeidsutvala der det ikkje alt er etablert slikt utval.

4. Ansvar og oppgåvefordeling i den akuttmedisinske kjeda

4.1. Helse Bergen HF og kommunane i føretaksområdet pliktar å samarbeide om utvikling av akuttmedisinske tenester slik at tilbodet samla blir tilgjengeleg og av god kvalitet. Dette gjeld m.a. å:

  • 4.1.1. Eventuelt delta i Samarbeidsutvalet sitt UFAB, i den grad det blir etablert eit slikt organ, for å sikre at tenestene er i samsvar med lover, forskrifter og gjeldande avtaler.
  • 4.1.2. Beskrive ansvar og rollar i akutte situasjonar.
  • 4.1.3. Sikre nødvendig kompetanse hos vaktpersonell gjennom omforente kompetanseplanar.
  • 4.1.4. Delta i og følgje opp nasjonale og regionale satsingar innan for den prehospitale akuttmedisinen.
  • 4.1.5. Sørgje for system som sikrar god informasjonsutveksling og kommunikasjon i akuttmedisinske situasjonar.

5. Ansvar og oppgåvefordeling innan sosial- og helsemessig beredskap

Partane pliktar å:

5.1.  samordna og dela eigne planar for sosial- og helsemessig beredskap for ekstraordinære hendingar og større ulukker. Dette gjeld m.a. å:

  • 5.1.1. utarbeide risiko- og sårbarheitsanalysar som grunnlag for planlegging. FylkesROS (2009) og kommunane sine eigne ROS-analyser som gjeld akutte hendingar dannar grunnlaget for dette arbeidet, og partane må i fellesskap koma fram til område som treng særskild merksemd på bakgrunn av konkretiserte beredskapsutfordringar
  • 5.1.2. gjennomføre opplæring, oppdatering av kompetanse og øvingar
  • 5.1.3. følgje opp arbeidet med forsyningstryggleik for legemiddel, materiell og medisinsk utstyr i samsvar med nasjonale føringar

6. Handtering av usemje/avvik, tvisteløysing, herunder misleghald

I tilfelle motstrid mellom denne avtalen og eventuelle særavtaler skal denne avtalen ha forrang.

Det vert vist til punkt om avvik i overordna samarbeidsavtale. 
Usemje og tvist skal løysast i tråd med overordna samarbeidsavtale.
Konsekvensen av eventuelle avtalebrot er regulert i overordna samarbeidsavtale

7.  Varigheit, revisjon og oppseiing

Avtalen trer i kraft frå 01.07.2012 og gjeld fram til ein av partane seier opp avtalen med eit års oppseiingsfrist, jfr. helse- og omsorgstjenesteloven § 6-5, 2. ledd. Avtalen erstattar ”Tjenesteavtale for samarbeid om omforente beredskapsplaner og planer for den akuttmedisinske kjeden” inngått i januar/februar 2012.

Dersom ein av partane seier opp avtalen skal Helse Bergen HF varsle Helse Vest RHF. Det regionale helseføretaket skal varsle Helsedirektoratet, jf. Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 6-5, 2. ledd.

Kvar av partane kan krevje avtalen revidert dersom vesentlege føresetnader for avtalen vert endra. Partane skal gå gjennom avtalen årleg med sikte på nødvendige oppdateringar eller utvidingar.

 

 

Utskriftsvennlig versjon av Tenesteavtale 11 og 12 Sjå alle Tenesteavtalane


Tilknytta særavtalar:

Fann du det du leita etter?