Tenesteavtale 8

Samhandling innan svangerskaps- fødsels- og barselomsorga.

​1. Partar

Avtalen er inngått mellom Helse Bergen HF og kommunane i føretaksområdet i juni 2012 og er revidert i mai 2015. Eidfjord kommune er ny part i den reviderte avtalen.

2.  Bakgrunn

Avtalen byggjer på:

2.1. Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester av 14. juni 2011 (helse- og omsorgstenestelova),

kapittel 6 og Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. av 2. juli 1999 (spesialisthelsetenestelova) § 2-1 e.

2.2. Overordna samarbeidsavtale om samhandling mellom kommunale helse- og omsorgstenester (1. linje) og spesialisthelsetenesta (2. linje)

2.3. Tenesteavtale 3 og 5 for samarbeid om innlegging i og

utskriving frå spesialisthelsetenesta innan somatisk sektor.

2.4. Grunnlagsdokument for samhandling mellom Helse Bergen HF, Haraldsplass Diakonale Sjukehus AS og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet.

2.5. Områdeplan for svangerskaps- fødsels- og barselomsorga i Helse  Bergen sitt opptaksområde (2010)

2.6. Eksisterande Tenesteavtale 8  (juni 2012) mellom Helse Bergen  og dei 22 kommunane i føretaksområdet

2.7. Spesialisthelsetenestelova, helse- og omsorgstenestelova og pasient- og brukarrettslova med tilhøyrande forskrifter

3.  Formål

3.1. Sikre kontinuitet i behandling og oppfølging av gravide, fødande, barselkvinner og det nyfødde barnet

3.2. Sikre at helsetenestene blir ytt på rett nivå og til rett tid

3.3. Forankre samarbeidet mellom likeverdige partar, med den gravide/mor/barn/familien sitt beste i fokus.

3.4. Avklare oppgåvedeling, kompetansebehov og ansvarstilhøve i samarbeidet om enkeltbrukarar/pasientar ved inn- og utskriving frå obstetrisk eining i spesialisthelsetenesta.

3.5 Sikre forsvarleg og kontinuerleg dialog og samhandling mellom  og innafor behandlingsnivåa

3.6.   Redusere risiko for uønska hendingar

4. Verkeområde

Avtalen gjeld for samhandling på område 5. 8 i Nasjonal rettleiar for lovpålagde avtalar mellom kommunar og føretak, Avtale om jordmortenester; heretter kalla Avtale om samhandling innan svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga:

4.1. Korleis tilrådingane i «Et trygt fødetilbud» skal innfriast

4.2. Korleis tilrådingane i «Nytt liv og trygg barseltid for familien - retningslinjer for barselomsorga» skal innfriast

4.3. Korleis tverrfagleg samarbeid og utveksling av informasjon mellom nivåa skal ivaretakast

4.4. Korleis utviklinga av ei desentralisert og differensiert   svangerskaps- fødsels-  og barselomsorg skal gjennomførast

4.5. Samarbeidsarenaer

4.6. Følgjetenesta, herunder organisering av beredskap for følgjeteneste

For dei kommunane som har gravide og fødande med reiseveg over 1,5 time til fødeavdeling skal det inngåast særavtalar. Obstetrisk eining skal ta initiativet til å inngå slik særavtale der det er naudsynt.

5.  Omgrepsavklaringar

5.1. Med obstetrisk eining forstår vi føde/barselavdelinga ved Voss sjukehus og Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus

5.2. Med kommunen forstår vi den kommunale jordmor, - helsestasjons- og fastlegetenesta. Dette inkluderer kommunal/interkommunal legevakt og private tenester der kommunen har driftsavtale med slike

5.3. Med varsling forstår vi ein strukturert kommunikasjon (fødselsrapport/epikrise) frå spesialisthelsetenesta til ei på førehand oppgitt kontaktadresse i kommunen (jordmor/fastlege/helsestasjon)

6. Partane sine kontaktpunkt og regulering av tidsrom for  kontakt

6.1. Kommunen har ansvar for at obstetrisk eining har oppdaterte oversikter over kontakttelefonar, fortrinnsvis mobiltelefon/direktenummer. Dette gjeld også endringar under ferieavvikling

6.2. Kommunen har ansvar for at obstetrisk eining til ei kvar tid har oppdaterte adresser til dei aktuelle helsestasjonane

6.3. Obstetrisk eining har ansvar for at fastlegar og jordmødrer i kommunane har oppdatert oversikt over dei telefonnummer som skal nyttast både på dag – og vakttid ved behov for konsultasjon med lege eller jordmor ved obstetrisk eining

7. Felles rutine/retningslinje og samarbeidsmøte

På bakgrunn av denne tenesteavtalen skal det utarbeidast ei felles rutine/retningslinje for samhandling innan svangerskaps- fødsels- og barselomsorga mellom obstetrisk eining og kommunane.  Rutina/retningslinja må forankrast i dei overordna samarbeidsutvala, og kan endrast gjennom felles administrative prosessar.

Det skal gjennomførast faste samarbeidsmøte mellom obstetrisk eining og kommunane vedrørande rutina/retningslinja to gonger årleg, eller når ein av partane ber om det. Obstetrisk eining har ansvar for innkalling til slike møte. Ved behov kan partane avtale andre typer samarbeids-/informasjonsmøter.

8.  Handtering av usemje/avvik,  tvisteløysing, herunder  misleghald


8.1. Vedr uønska hendingar: Det vert vist til retningslinje for avvik i overordna samarbeidsavtale.

8.2. I tilfelle motstrid mellom denne avtalen og eventuelle særavtalar skal denne avtalen ha forrang

8.3. Usemje og tvist skal løysast i tråd med overordna samarbeidsavtale

8.4. Konsekvensen av eventuelle avtalebrot er regulert i overordna samarbeidsavtale

9.    Varigheit, revisjon og oppseiing

9.1. Avtalepartane pliktar å gjera avtaleverket kjent for eigne tilsette, samt sikra etterleving av avtalen i eigen organisasjon

9.2. Avtalen trer i kraft frå 1.06.2015 og gjeld til ein av partane seier opp avtalen, med eitt års oppseiingsfrist, jfr. Helse- og omsorgstenestelova prg. 6-5, andre lekk

9.3. Partane er samde om å gå gjennom avtalen innan desember kvart år med sikte på å avdekke behov for eventuelle opp-dateringar; første gong desember 2016

9.4. Kvar av partane kan krevja avtalen revidert dersom vesentlege føresetnader for  avtalen vert endra   

 

Særavtale til denne tenesteavtalen:
Særavtale for samhandling  innan svangerskaps- fødsels- og barselsomsorga mellom Helse Bergen HF og kommunane i opptaksområdet samt Eidfjord kommune.

Utskriftsvennlig versjon av Tenesteavtale 8

Sjå alle Tenesteavtalane


 

Fann du det du leita etter?