Foto: To personer prater sammen

Samarbeidsutvala

​Overordna samarbeidsutval er den sentrale møtearena for kommune- og spesialisthelsetenesta i Helse Bergen føretaksområde.  Dei fire overordna samarbeidsutvala er inndelt etter etablerte kommuneregionar: Nordhordland, Voss lokalsjukehusområde, Bergensregionen og Bergen kommune.

Utvala er samansett av representantar frå kommunane, Helse Bergen, Haraldsplass Diakonale Sykehus, brukarutvala og arbeidstakarorganisasjonane. 

Samarbeidsutvala skal følgje opp  samarbeidsavtalane, utvikla og styra nettverk, felles prosjekt, konkrete samarbeidstiltak m.v. Dette skal skje gjennom etablering av gode og klare rammer, rutinar og retningsliner for ansvarsfordeling og pasientflyt, så vel som for overføring og utveksling av kompetanse.

Organisering av Samarbeidsutvala

Alle kommunar i aktuelt område skal være representert i utvalet. Det skal være representasjon frå spesialisthelsetenesta i utvala i område der sjukehusa har sektoransvar. Brukarrepresentasjonen skal forankrast gjennom oppnemning av brukarrepresentant/-ar via brukarutvala, jfr. kap. 7.  Arbeidstakarar skal være representert med ein representant frå kvar hovudsamanslutning.  Andre samarbeidspartnarar kan kallast inn og vera representert på einskilde møte i samarbeidsutvala når dette er naturleg. Kvart Samarbeidsutval skal velje leiar.

Samarbeidsutvala skal følgje opp underordna avtaler, utvikle og styre nettverk, felles prosjekt, konkrete samarbeidstiltak m.v.

Administrativt kontaktmøte    

Administrativt kontaktmøte (AK) er eit møtepunkt mellom leiarane av samarbeidsutvala, administrativ leiing ved Haraldsplass og Helse Bergen, samt samarbeidssekreteriatet.

AK møtes til eit koordineringsmøte om lag tre veker før møta i samarbeidsutvala. I AK møta vert det diskutert kva fellessaker som skal opp i samarbeidsutvala.

  • Randi-Luise Møgster (Vise adm.dir Helse Bergen), Helse Bergen - Leiar 
  • Kjerstin Fyllingen (Adm.dir Haraldsplass), Haraldsplass diakonale sjukehus
  • Trond Egil Hansen, leiar SU Bergen, Bergen kommune
  • Monica Totland Melvold, leiar SU Bergensregionen, Bergensregionen
  • Tord Moltumyr, leiar SU Nordhordland, Norhordland
  • Åslaug Bøhn Botnen, leiar SR Voss, Voss lokalsjukehusområde
  • Samarbeidssekreteriatet

Rettleiar for samarbeid og deltaking i samarbeidsutvala

 

Snarveg til nettsidene til alle kommunar, sjukehus og private ideelle i Saman.no


Fann du det du leita etter?