Ofte stilte spørsmål ved inn og utskriving innan psykisk helse og rus

​1.Når skal ein starta dialog med kommunen?

Så snart pasienten kjem inn i spesialisthelsetenesta. Viktig at ein kjem i dialog sjølv om ikkje situasjonen er avklart.
 

2. Korleis dokumentere?

All dialog mellom samhandlande partar skal dokumenterast i pasienten sin journal. Det betyr og den munnlege dialogen.

3. Nyttar sjukepleiarane i sjukehuset IPLOS?

Nei, dette er ikkje eit verktøy som vert nytta i sjukehuset. Tala vil difor ikkje være til hjelp utan det føl med ein kommentar.
 

4. Kan spesialisthelsetenesta bestemme omsorgsnivå i kommune?

Nei sjukehuset skal gje ein funksjonsbeskrivelse av pasienten. Det er kommunen som avgjer kva tenestetilbod pasienten skal få.
 

5. Dersom pasienten ligg inne i spesialisthelsetenesta over lengre tid, treng ein då å ha jamleg dialog med kommunen?

Ja, det skal være dialog minst kvar 3.mnd. Denne dialogen skal journalførast.

Fann du det du leita etter?