Om oss
Helsefellesskapet i bergensområdet er ein samarbeidsarena der spesialisthelsetenesta og kommunane, saman med fastlegar og brukarrepresentantar, planlegg og utviklar helsetenestene i Helse Bergen sitt føretaksområde.
Kommunar og spesialisthelsetenesta har eit felles ansvar for å levere gode og heilskaplege helse- og omsorgstenester.
Det overordna målet er «innbyggjarens helseteneste» – ei god og trygg helseteneste basert på innbyggjaranes behov og premissar.
Helsefellesskap i bergensområdet byggjer på avtaler mellom regjeringa og KS frå 2019 og 2024. Det er ei forventing om å utvikle samarbeid med mål om meir samanheng og berekraft i helsetenestene.
I samsvar med avtalen mellom regjeringa og KS, skal helsefellesskapet prioritere tenester til fire pasientgrupper:
- barn og unge
- personar med alvorlege psykiske lidingar og rusavhengige
- eldre med skrøpelegdom
- personar med fleire kroniske lidingar
Lenker: