Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Logo blå saman.no
Foto: To personer prater sammen på legekontor med kalender på veggen.

Områdeutval

Områdeutvala skal handsame og følgje opp saker som gjeld det enkelte utvalsområdet. Det er oppretta fire områdeutval etter etablerte kommuneregionar: Nordhordland, Bergen kommune, Voss lokalsjukehusområde og bergensregionen.

  • Bidra til god dialog mellom kommunar, spesialisthelsetenesta, brukarar og fastlegar om lokale samhandlingssaker
  • Gje innspel til og forankre felles samhandlingsstrategiar -og tiltak
  • Planlegge, setje i gang, og følgje opp lokalt forbetringsarbeid og lokale samhandlingsprosjekt
  • Melde aktuelle saker til SSU
  • Følgje opp saker frå og setje i gang aktuelle oppdrag frå SSU
  • Opprette og avvikle lokale underutval og nettverk
  • Ha oversikt over samhandlingsavvik og nytte oversikta i lokalt forbetringsarbeid Partane er samde om at reglane om teieplikt skal ivaretakast m.m.

Ein representant frå kvar kommune (kommunalsjefsnivå/ seksjonsleiar- eller etatsdirektørnivå i Bergen kommune)

  • Bergen kommune kan vere representert med inntil 6 representantar i eige områdeutval
  • Det skal vere forholdsmessig representasjon frå spesialisthelsetenesta i tråd med sektoransvaret for kvart utvalsområde
  • 1 fastlege
  • 1 kommuneoverlege
  • 2 brukarrepresentantar (1 frå kommunane og 1 frå spesialisthelsetenesta)
  • 1 representant frå hovudsamanslutningane

Observatørar med tale- og forslagrett:

  • Aktuelle representantar frå samarbeidssekretariatet 
  • På sak:
    • Leiarar av lokale underutval og nettverk

  • Representantane i områdeutvala er vald inn for 4 år om gongen 
  • Områdeutvala konstituerer seg sjølve
  • Områdeutvala skal ha kommunal leiar og nestleiar frå spesialisthelsetenesta 
  • Sekretariat: 2 representantar frå samarbeidssekretariatet (kommunal områderepresentant og representant frå spesialisthelsetenesta etter sektoransvar)
  • Samarbeidssekretariatet har ansvar for å følgje opp saker som skal til SSU/kjem frå SSU

 

Maŋemus ođastuvvon 2024-06-18