Strategisk samarbeidsutval (SSU) skal handsame og følgje opp prinsipielle saker som gjeld heile helsefellesskapet.
Sikre oppfølging av samarbeidsavtalen gjennom å vedta årleg felles handlingsplan
Årleg gjennomgang av avtaleverket med sikte på naudsynte oppdateringar eller utvidingar, jf. helse- og omsorgstenestelova §6-5
Utvikle felles styringsinformasjon som grunnlag for betre planlegging, utvikling og prioritering
Avtale korleis tenester skal planleggjast og utviklast i fellesskap, og sikre gjensidig involvering i planprosessar
Sikre prioritering av pasient- og brukargrupper i tråd med avtalen mellom regjeringa og KS
Gje innspel til aktuelle nasjonale høyringar, planar etc., og vere ein pådrivar for at det vert utvikla nasjonale styringssystem, lovverk, finansieringsordningar som stimulerer til samhandling
Opprette og avvikle faglege samarbeidsorgan/nettverk etter behov. Nedsette tidsavgrensa arbeidsgrupper knytt til tiltak i felles handlingsplan, eller andre behov/problemstillingar
Utforme retningsline for deltaking og representasjon i helsefellesskapet (jf. pkt.5)
Handsame avtalar/retningsliner/prosedyrar/pasientforløp (før endeleg handsaming hos partane når dette er aktuelt)
Bidra til utvikling og spreiing av gode modellar for samhandling
Planlegge partnarskapsmøte (pkt. 5.1.)
Skal medverke til å løyse usemje i saker knytt til tolking av avtaleverket m.m.
1 kommunal representant (overordna administrativ leiing/sektorleiar med delegert mynde frå rådmann eller kommunedirektør), utpeika frå kvart utvalsområde.
Bergen kommune kan utpeike to representantar
Så langt det er mogleg skal minst ein av dei kommunale representantane vere rådmann/ kommunedirektør
5 representantar (overordna administrativ leiing) utpeika av spesialisthelsetenesta etter følgjande fordeling: Helse Bergen HF (3) - somatisk sektor, psykisk helsevern og overordna administrativ leiing med ansvar for samhandling; Haraldsplass Diakonale Sykehus AS (1); private-ideelle organisasjonar innan psykisk helsevern (1)
2 brukarrepresentantar (1 frå kommunane og 1 frå spesialisthelsetenesta)
Det skal utpeikast personlege vararepresentantar
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.