Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Logo blå saman.no

Rekrutterings- og samhandlingstilskot

Her kan du søke

Søknadsfristen er 5. februar 2025.

Alle søknadar må byggje på semje mellom kommune og sjukehus. For 2024 er potten på rundt 13 millionar kroner, og det er venta ein liknande sum for 2025.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med samarbeidssekretariatet.

Søknadsbehandling

Søknadane vert vurdert og prioritert av ein søknadskomité.

Endeleg avgjerd om kva prosjekt som vert tildelt tilskot blir gjort i Strategisk samarbeidsutval sitt møte i mars 2025.

Slik vert tilskotet utbetalt

Dersom hovudsøkjar ikkje er ei eining i Helse Bergen, vert tilskotet utbetalt etter faktura merka med prosjektnummer R-11326.

Dersom hovudsøkar er ei eining i Helse Bergen, vert utgifter kostnadsførte knytt til tildelt tilskot på prosjektnummer R-11326.

Sist oppdatert 28.11.2024