Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Logo blå saman.no

Rekrutterings- og samhandlingstilskot

Tildelingar 2025

Strategisk samarbeidsutval har vedtatt kva prosjekt som får rekrutterings- og samhandlingstilskot.

Helsefellesskapet mottok 31 søknader innan søknadsfristen 5. februar. Søknadene blei gjennomgått og vurdert av søknadskomiteen. Innstillinga frå komiteen blei vedtatt av strategisk samarbeidsutval onsdag 12. mars.

Strategisk samarbeidsutval vil takke for alle dei gode søknadene og det store engasjementet rundt tilskotet.

Føresett at helsefellesskapet får tildelt rekrutterings- og samhandlingstilskot over statsbudsjettet for 2026, blir det ein ny søknadsrunde truleg rundt same tid til neste år.

Det er berre tildelt midlar for eitt år (12 månader). Prosjekt som har planlagt varigheit over fleire år, blir oppfordra til å søke igjen til neste år for eventuell ny tildeling.

Sjå oversikt over tildelingane for 2025 her.

Prosjekt som fekk tilskot i 2025

Sist oppdatert 31.03.2025