Tenesteavtale 10
Tenesteavtale 10 - Samarbeid om førebygging.
Avtalen gjeld mellom kommunane i Helse Bergen sitt føretaksområde, Helse Bergen HF, Haraldsplass Diakonale Sykehus AS, NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus AS, Solli distriktspsykiatriske senter, Betanien sykehus AS og Voss Distriktspsykiatriske Senter NKS Bjørkeli.
Tenesteavtalen har sitt rettsgrunnlag i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 6-2 og Lov om spesialisthelsetenester § 2-1 e.
Denne tenesteavtalen bygger og på :
- Overordna samarbeidsavtale mellom Helse Bergen, Haraldsplass, Voss DPS, NKS Olaviken, Solli DPS, Betanien sykehus og dei 18 kommunane i sjukehusområdet.
- Folkehelseloven med tilhøyrande forskrifter
- Lov om spesialisthelsetenester §3-7a.
- Prinsippet i grunnlagsdokumentet for samhandling mellom Helse Bergen HF, Haraldsplass Diakonale Sykehus AS og dei 18 kommunane i lokalsjukehusområdet
- Forskrift om fastlegeordning i kommunane
- sikra eit gjensidig og forpliktande samarbeid om å vidareutvikle og gjennomføre eit heilskapleg og koordinert helsefremmande og førebyggande arbeid.
- klargjere ansvar- og oppgåvefordeling mellom kommunen og helseføretaket ved helsefremmande og førebyggande arbeid.
- styrka informasjonsutvekslinga mellom forvaltningsnivåa når det gjeld helsefremming og førebygging
- styrka kunnskapsbygging og felles faktagrunnlag i helsefremmande og førebyggande arbeid
- sikre god samhandling og ressursutnytting mellom kommune og helseføretak i det helsefremmande og førebyggande arbeidet.
Førebyggande og helsefremmande arbeid inngår i alt kommunen gjer.
Spesialisthelsetenesta har og ei viktig rolle knytt til helsefremming og førebygging men primær retta mot forverring og utvikling av sjukdom hos grupper og enkelt individ.
I denne avtalen er følgjande områder prioritert:
- Nettverk og samhandling
- Helsekompetanse
- Pasienttryggleik
- Barn og unge
- Psykisk helse - og rus
- Universell (befolkningsretta) førebygging er tiltak retta mot folk flest eller mot heile befolkningsgrupper utan at ein har identifisert individ eller grupper med auka risiko.
- Selektiv (grupperetta) førebygging er tiltak som vert retta mot grupper med kjent og auka risiko for å utvikla sjukdom.
- Indikativ (individretta) førebygging er tiltak retta mot individ med høg sjukdomsrisiko eller høgt symptomnivå.
Samarbeid knytt til forhold som utjamnar sosiale forskjellar, fremmer god helse, førebygg sjukdom og skade er ein del av denne avtalen. Partane har både verktøy og verkemiddel som kan leggja til rette for helsegunstige val på mange områder. Viktige samarbeidspartnarar i det helsefremmande og førebyggande arbeidet er mellom anna fylkeskommunen og frivillige lag og organisasjonar.
- Partane skal arbeida å ha oversikt over helsefremmande – og førebyggande tiltak.
- Denne oversikten skal gjerast synleg og tilgjengeleg for kvarandre
- Partane har eit felles ansvar for å etablera samarbeid med frivillig sektor.
- Partane skal bidra til å gjera relevante helsestatistikk synleg og tilgjengeleg for kvarandre
- Saman bruka og vidareutvikla folkehelseoversikten frå kommunane
- Evaluere tiltak saman, med særleg fokus på effekten av folkehelsetiltak innanfor arbeidet med utgjeving av sosiale forskjellar i helse
Partane skal ta omsyn til innbyggjarane, pasientane og pårørande sin helsekompetanse i sin organisasjon- og tenesteutvikling.
Partane bør vidareutvikla og i større grad ta i bruk og legge til rette for digitale løysingar i det helsefremmande - og førebyggande arbeidet, men på same tid sikra at pasientar som har utfordringar knytt til digitalisering og følgjeleg treng informasjon i andre kanalar.
Partane skal saman og kvar for seg utvikla og vidareutvikla tilbod om læring og meistring
- Der det er hensiktsmessig skal ein legga til rette digitale lærings- og meistringstilbod.
Partane skal formidla kunnskap om helsefremmande og førebyggande åtferd
- Helseinformasjon skal opplevast som oversiktlege, samanhengande og lett å navigera i samt vera lett tilgjengeleg.
- Utarbeida informasjon til prioriterte målgrupper med målsetting om auka helsekompetanse.
- Informasjon bør vera tilgjengeleg på fleire språk.
6.3 Pasienttryggleik
- Partane skal styrka det systematiske arbeidet med å førebygge pasientskader i helsetenesta.
- Helsetenesta skal førebygge pasientskader, førebygge helsetenesteassosierte infeksjonar, betre pasient tryggleikskultur og varige strukturer for pasienttryggleik og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta.
- Partane skal samarbeida om å forbetra og implementera rutinar for vidareformidling av ernæringsrelevant informasjon ved inn- og utskriving.
- Identifiserer og følge opp barn som pårørande:
- dokumentere barn som pårørande
- ha tilsette som føl opp barn som pårørande
- etterspørja barna sitt behov for informasjon og oppfølging og gi foreldra råd og rettleiing
- vurdere om det er behov for meir omfattande hjelpetiltak, og trekka inn riktig instans i samarbeid med barna sine føresette.
- Styrka det systematiske arbeidet knytt til levevaner, som er i tråd med brukarane sine eigne ønskjer og behov, samt nasjonale faglege tilrådingar.
- Tidleg innsats retta mot barne og unge sin psykiske helse
- sikra utvikling og synleggjering av lågterskeltilbod
- sørga for tilbod om tidleg intervensjon
- sikra heilskaplege og saumlause forløp overfor pasientgrupper som treng tenester frå fleire
- sikra somatisk helseteneste til pasientar med alvorleg psykisk liding/rusproblem
- samarbeid om psykisk førstehjelp og førebygging av sjølvmord både for barn, unge, vaksne og eldre
I tilfelle motstrid mellom denne avtalen og eventuelle særavtaler skal denne avtalen ha forrang.
Det vert vist til punkt om avvik i overordna samarbeidsavtale. Usemje og tvist skal løysast i tråd med overordna samarbeidsavtale.
Konsekvensen av eventuelle avtalebrot er regulert i overordna samarbeidsavtale.
Partane plikter å gjere avtalen kjent for eigne tilsette, og sikre implementering i eigen organisasjon.
Særavtale knytt til denne tenesteavtalen:
Særavtale, samarbeid om opplæring av pasientar, brukarar og pårøraande
Utskriftsvennlig versjon av Tenesteavtale 10