Strategisk samarbeidsutval
Strategisk samarbeidsutval (SSU) skal handsame og følgje opp prinsipielle saker som gjeld heile helsefellesskapet.
Kommunale representantar
- Ingvild Kirsti Hjelmtveit - kommunedirektør, Osterøy kommune
- Trond Egil Hansen - seksjonssjef, Bergen kommune
- Belén Birkenes - kommunaldirektør, Bergen kommune
- Johnny Breivik - kommunedirektør, Øygarden kommune
- Kjersti Nordanger - kommunalsjef, Voss herad
Føretaksrepresentantar
- Eivind Hansen , administrerande direktør, Haukeland universitetssjukehus
- Linn Dale Bergsma - klinikkdirektør, Mottaksklinikken, Helse Bergen
- Randi-Luise Møgster divisjonsdirektør, Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen
- Kjerstin Fyllingen, adminstrerende direktør, Haraldsplass Diakonale sykehus
- Janiche Buanes Heltne - sykehusdirektør, Betanien sykehus
Brukarrepresentantar
- Bjørn Sivertsen - leiar Eldrerådet, Bjørnafjorden kommune
- Theresa Dang - Ungdomsrådet i Helse Bergen
- Lars Jørgen Haugland - Ungdomsrådet i Helse Bergen
- Jan Elvøy (møtende vararepresentant) leiar Brukarutvalet, Haraldsplass Diakonale sjukehus
Observatørar med tale- og forslagsrett
- Eystein Hauge - kommuneoverlege, Voss herad
- Gunn Mali Steen - fastlege, Alver kommune
- Bjørg Merete Hjallen - hovudsamanslutningane, Hordaland legeforening
- Hilde Ystanes - rådgiver, KS Vestland
Samarbeidssekretariatet
18. mars, 31. mai, 22. oktober, 11. desember
Sikre oppfølging av samarbeidsavtalen gjennom å vedta årleg felles handlingsplan
Årleg gjennomgang av avtaleverket med sikte på naudsynte oppdateringar eller utvidingar, jf. helse- og omsorgstenestelova §6-5
Utvikle felles styringsinformasjon som grunnlag for betre planlegging, utvikling og prioritering
Avtale korleis tenester skal planleggjast og utviklast i fellesskap, og sikre gjensidig involvering i planprosessar
Sikre prioritering av pasient- og brukargrupper i tråd med avtalen mellom regjeringa og KS
Gje innspel til aktuelle nasjonale høyringar, planar etc., og vere ein pådrivar for at det vert utvikla nasjonale styringssystem, lovverk, finansieringsordningar som stimulerer til samhandling
Opprette og avvikle faglege samarbeidsorgan/nettverk etter behov. Nedsette tidsavgrensa arbeidsgrupper knytt til tiltak i felles handlingsplan, eller andre behov/problemstillingar
Utforme retningsline for deltaking og representasjon i helsefellesskapet (jf. pkt.5)
Handsame avtalar/retningsliner/prosedyrar/pasientforløp (før endeleg handsaming hos partane når dette er aktuelt)
Bidra til utvikling og spreiing av gode modellar for samhandling
Planlegge partnarskapsmøte (pkt. 5.1.)
Skal medverke til å løyse usemje i saker knytt til tolking av avtaleverket m.m.
1 kommunal representant (overordna administrativ leiing/sektorleiar med delegert mynde frå rådmann eller kommunedirektør), utpeika frå kvart utvalsområde.
Bergen kommune kan utpeike to representantar
Så langt det er mogleg skal minst ein av dei kommunale representantane vere rådmann/ kommunedirektør
5 representantar (overordna administrativ leiing) utpeika av spesialisthelsetenesta etter følgjande fordeling: Helse Bergen HF (3) - somatisk sektor, psykisk helsevern og overordna administrativ leiing med ansvar for samhandling; Haraldsplass Diakonale Sykehus AS (1); private-ideelle organisasjonar innan psykisk helsevern (1)
2 brukarrepresentantar (1 frå kommunane og 1 frå spesialisthelsetenesta)
Det skal utpeikast personlege vararepresentantar
- 1 representant frå KS
- 1 representant hovudsamanslutningane
- 1 fastlege
- 1 kommuneoverlege
- Samarbeidssekretariatet
- På sak:
- Leiarar av områdeutvala (pkt. 5.3.)
- Leiarar av faglege samarbeidsutval (pkt. 5.4.)
- Representantane i SSU er vald inn for 4 år om gongen
- SSU konstituerer seg sjølv med leiar og nestleiar
- Leiinga alternerer annakvart år mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, der leiar og nestleiar skal representere dei to nivåa, jf. avtalen mellom regjeringa og KS
- Samarbeidssekretariat er sekretariat for SSU. Referat frå møta skal publiserast på www.saman.no
- Alle partar kan melde saker til SSU. Sakene meldes til samarbeidssekretariatet. Leiar, nestleiar, brukarrepresentantane og samarbeidssekretariatet prioriterer saker for SSU
- SSU skal minimum møtast 4 gonger i året
Referat strategisk samarbeidsutvalg
Møter 2024
Referat kommer her.
Møter 2023