Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Logo blå saman.no

ROP-forløpet

ROP-forløpet skal sikre at pasientar med samtidig psykisk sjukdom og rusmiddelproblematikk opplever eit koordinert og samanhengande tjenestetilbod. Forløpet er i tråd med nasjonal fagleg retningsline for utgreiing, behandling og oppfølging av ROP-pasientar, og pakkeforløp for psykisk helse og rus.

Kva pasientar blir inkludert i ROP-forløpet?

ROP-forløpet (rus og psykiatri- forløpet) inkluderer alle personar over 18 år som har ei mistenkt alvorleg psykisk liding kombinert med rusmedelproblematikk, og er behandlingstrengande. Dette gjeld uavhengig av om rusmiddelproblemet kan definerast som ei rusliding (skadeleg bruk/eller avhengigheit). I tillegg omfattar forløpet personar over 18 år som både har mistenkt mindre alvorleg psykisk liding og rusmiddelproblematikk, der kvar av dei to områda er forbunde med uttalt funksjonssvikt.

Kven har hovudansvaret for pasienten?

Det er svært viktig at det blir identifisert kven som har hovudansvaret for pasienten, og dermed kven som primært skal behandle vedkomande. Behandlande eining  som har hovudansvaret, har også plikt til å ta initiativ til samarbeid om forløpet for pasienten.

Ansvar for behandling blir tildelt ulike einingar etter kartlegging ut frå fire kategoriar i forhold til alvorleghetsgrad og tilhørande ansvarleg fagområde, som vist i tabellen under: Grafisk framstilling/matrise for kartlegging av kven som er hovudansvarleg behandling utifrå vekting av psykisk liding og rus.

Korleis skal vi samarbeide om forløpet for pasienten?

Alle pasientar skal sikrast fullgod utgreiing, behandling og oppfølging for begge lidingar gjennom heile forløpet. For nokre pasientar vil behandlinga gå føre seg på fleire stadar, medan det for andre vil skje integrert på same stad. Den enkelte behandlar må fortløpande ta initiativ til og ansvar for tiltak som sikrar godt samarbeid gjennom hele forløpet, basert på følgande sterke anbefalingar:

For pasientgruppe 1 skal det haldast eit ROP-avklaringsmøte (vedlegg 7) der det blir avgjort kva som er beste utgreiing, behandling og oppfølging av pasienten, inkludert kvar og korleis det skal gå føre seg.

Når pasienten får behandling på ein stad

Ved alvorleg funksjonssvikt skal hovudbehandlar etablere kontakt for samhandling når behandling av mindre problem med rus eller psykisk liding blir vurdert som nyttig i pasientforløpet. Hovudbehandlar kallar inn til ROP-avklaringsmøte.

Når pasienten får behandling to stadar

Hovudbehandlar skal etablere kontakt med anna behandlingseining. Gjennom fortløpande utveksling av informasjon om tiltak, status, og prognose skal behandlinga samkjørast for pasienten.  Hovudbehandlar kallar inn til ROP-avklaringsmøte ved behov - på lik line med pasientar som får behandling på same stad.

På bakgrunn av pasientens preferansar og opplevde hovudproblem, skal behandling normalt skje integrert på ein behandlingsstad. Ved tvil om riktig behandlingsstad, skal behandlar avklare dette i samråd med pasient, tilvisande instans og anna behandlingsstad/eining.

Vedlegg 1: Barn som pårørande (PDF): Framgangsmåte: Kartlegging, tiltak, og samhandling

Vedlegg 2: Retningsline for å avslutte utgreiing og behandling ved ikke møtt (PDF)

Vedlegg 3: Minste felles diagjostikk (PDF): Prosedyre som skal sikre at einkvar pasient over 18 år som blir tilvist til Divisjon Psykisk helsevern, får ein felles grunnleggande utgreiing.

Vedlegg 4: Minikartlegging​: Mini-Internasjonalt Neuropsykiatrisk Intervju (MINI) er et anerkjent strukturert psykiatrisk intervju som kartlegg psykiske plagar og psykiske lidingar.

Vedlegg 5: AUDIT Alcohol Use Disorder Identification test (PDF): Nokre spørsmål om alkohol. Fyllast ut av pasient

Vedlegg 6: DUDIT Drug Use Disorder Identification test (PDF): Spørsmål om narkotiske stoff og legemiddel (rusmiddel) Fyllast ut av pasient

Vedlegg 7: Mal for ROP avklaringsmøte (PDF) (PDF) / Mal for ROP avklaringsmøte i word (DOCX)​​​

Behandlingsstader i Helse Bergen

Sist oppdatert 19.01.2023