Handlingsplanen vert utarbeidd med bakgrunn i overordna føringar, som ei oppfølging av avtaleverket og etter innspel frå partane.
Handlingsplanen med prioriterte tiltak skal godkjennast i dei fire Overordna Samarbeidsutvala.
Samarbeidssekretariatet (SSE) bidrar til at tiltaka i Handlingsplanen vert fylgt opp og at aktuelle partar blir involvert.
Handlingsplan for 2021
- Prioriterte tiltak for Overordna samarbeidsutval i lokalsjukehusområdet.
1. Oppfølging av samarbeidsavtaler
1.1 Samarbeid om handtering av pandemiar
Tiltak
• Planlegge og gjennomføre ei undervegsevaluering av korleis Avtale om samarbeid ved pandemisk influensa og koordineringsgruppa har fungert i den pandemiske situasjonen.
◦Har avtalen bidratt til å gje innbyggjarane nødvendig helsehjelp under pandemien?
◦Har avtalen sikra ansvarsforhold og rutinar for samarbeid mellom kommunar og sjukehus?
Tidsramme: 2021
1.2 Tenesteavtale 8
Tiltak
•Revisjon av tenesteavtale 8 om svangerskap-, fødsel- og barselomsorg, og tilhøyrande rutine og særavtalar
•Prosjekt «Forløp svangerskap, fødsel og barsel»
Tidsramme: 2021
1.3 Tenesteavtale 11
Tiltak
•Samarbeid om omforeina beredskapsplanar og planar for den akuttmedisinske kjeda
•Utarbeide og inngå særavtalar
Tidsramme: Vår 2021
1.4 Særavtale om utdanningsløp
Utarbeide særavtale for samarbeid om utdanningsløp for ALIS
Tidsramme: 2021
1.5; Årleg gjennomgang av avtaleverket
Tidsramme: 2021
1.6; Tenesteavtale 10
•Samarbeid om førebygging
•Revisjon av avtale
Utarbeide retningslinjer for samhandling om ernæringsstatus og ernæringsoppfølging.
Tidsramme: 2021
1.7 Utarbeiding av samarbeidsavtaler/tenesteavtalar som møter dei to føreslåtte lovkrava til kva samarbeidsavtalane skal innehalda
•Kunnskapsdepartementet føreslår å innføre eit nytt krav om at samarbeidsavtalene mellom kommunane og spesialisthelsetenesta omfattar barn og unge (punkt 12 i helse- og omsorgstenesteloven § 6-2 første ledd).
•Helse- og omsorgsdepartementet føreslår å innføre eit krav om at kommunane og spesialisthelsetenesta avtaler korleis dei saman skal planlegge og utvikle tenester (punkt 13 i helse- og omsorgstenesteloven § 6-2 første ledd).
Tidsramme: 2021
2. Oppfølging av andre samhandlings-initiativ
2.1 Felles utviklingsplan for samarbeid og samhandling
•sluttføre planarbeidet
•arbeid med oppfølging av tiltak i planen
Felles utviklingsplan kan kome til å utløyse ei trong for revisjon av den overordna samarbeidsavtalen. SSE vil eventuelt fremja ei sak om dette når Felles utviklingsplan er ferdig handsama, mai 2021. Det vil og vera naturleg at handlingsplanen må evaluerast etter at Felles utviklingsplan er ferdigbehandla.
Tidsramme: Vår 2021
2.2 Prosjekt pasienten si legemiddelliste (PLL)
•Planlegge og gjennomføre nasjonal pilot
Tidsramme: 2021
2.3 Vidareutvikle saman.no
Tidsramme: 2021
2.4 Utarbeide retningsliner for lege til lege samarbeid
•fullføre arbeidet som er sett i gang
Tidsramme: 2021
2.5 Digital samhandling
•Utvikle den digitale samhandlinga mellom kommunane og sjukehusa
•Partane skal vera orientert om prosjekt/tiltak som føregår med omsyn til digital samhandling
Tidsramme: 2021
2.6 Felles opplæringsprogram for å spreie bevissthet, kunnskap og kompetanse
•Utarbeide eit felles e-læringsprogram for å spreie bevisstheit, kunnskap og kompetanse omkring vurderingar av når er ein pasient er utskrivingsklar frå spesialisthelsetenesta.
◦Somatikk
◦Rus og psykisk helse
Tidsramme: 2021
Tidligare handlingsplanar: