Samhandlinga i helsefellesskapet skal bygge på likeverd og dialog. Planlegging og utvikling av helse- og omsorgstenester skal skje i fellesskap.
Formell avgjerdsmynde er lagt til kommunane og spesialisthelsetenesta. Helsefellesskapet skal medverke til at avgjerdsprosessane blir betre og meir forpliktande. Avgjersler og vedtak i helsefellesskapet skal skje etter konsensusprinsippet.
- må sørgje for at representantar og vararepresentantar som vert utpeika har nødvendige fullmakter i forhold til representasjonsoppgåva dei er sett til
- skal gjensidig orientere om endringar i rutinar, organisering og liknande som kan få eller ha innverknad på områda samarbeidet omfattar
- må sørgje for at representantane får avsett tid og ressursar til deltaking i samarbeidet, og at forventningane til oppfølging undervegs i arbeidet er tydeleg kommunisert
- pliktar seg til å gjere innhald i - og konsekvensar av avgjersler/vedtak kjend og sett i verk i eigen organisasjon
3.2 Representantane
- Representantane er vald inn for 4 år om gongen
- Representanten må ha grunnleggande kunnskap som gjer han/ho best mogeleg i stand til å bidra i samarbeidet. Dette inneber kjennskap til og forståing for samhandlingsstrukturen, for betydinga av dei prinsipp og strategiske grep som ligg nedfelt i Overordna samarbeidsavtale, og for prioriteringar som er gjort i tilhøyrande handlingsplan m.m.
- Den einskilde representant har sjølv ansvar for å forankre oppgåver og rapportere arbeidsprosessar og løysingar hos den eller dei han/ho representerer
- Det skal utpeikast personleg vara for alle faste representantar i strategisk samarbeidsutval (SSU). Vararepresentantane skal ha tilgang til alle saksdokument
- Vararepresentant for brukar, fastlege og arbeidstakarorganisasjonar kan møte, og har talerett dersom dei deltar i møtet.
- Det vert tilrådd at det utpeikast personleg vara for alle faste representantar i områdeutvala (OU)
3.2.1 Fastlegerepresentasjon
Det skal så langt det er mogleg vere representasjon frå fastlegar i alle samarbeidsorgan, på alle nivå i helsefellesskapet (jf.
kap. 5.7.).
Det vert vist til følgjande nasjonale tilrådingar for oppnemning, representasjon og honorering av fastlegerepresentantar til helsefellesskapet (jf.
Veileder om fastlegers deltakelse i helsefellesskap (PDF):
- Oppnemninga av fastlegar skal skje med utgangspunkt i den etablerte strukturen med lokale samarbeidsutval med fastlegeordninga (LSU). Det er kommunen som utpeikar representanten
- Der det er utpeika personleg vara kan denne delta som observatør
- Fastlegar i helsefellesskapet er representantar for fastlegetenesta i kommunane, og skal gje innspel på sjølvstendig grunnlag. Fastlegerepresentasjon i helsefellesskapet er ikkje ei tillitsvaldsoppgåve
- For næringsdrivande fastlegar som deltek som representantar eller vararepresentantar i helsefellesskapet gjeld følgjande:
- skal godgjerast tilsvarande den til ei kvar tid gjeldande honorarsats, jf.
Rammeavtale mellom KS og Den norske legeforening , pkt. 12.5
- For møter, formøter og reisetid innan kontortida (fastlegen si avtalte opningstid) skal legen honorerast to gangar honorarsatsen per time
- For reisetid utanfor kontortid og saksførebuing skal legen honorerast time for time. Tidsbruken skal avklarast undervegs
- For kommunalt tilsette fastlegar som deltek på vegne av fleire kommunar vil kommunen få kompensasjon for medgått tid etter same sats som for næringsdrivande fastlegar
3.2.2 Brukarrepresentasjon
Det skal vere brukarrepresentasjon i alle samarbeidsorgan, på alle nivå i helsefellesskapet.
Brukarrepresentantane skal oppnemnast av brukarutvala i spesialisthelsetenesta og dei kommunale brukarråda.
Brukarrepresentantane skal honorerast likt mellom kommunar og spesialisthelsetenesta. Honorarsats er regulert i samsvar med Helse Vest sine satsar for brukarmedverknad, nedfelt i
Retningslinje for honorering av brukermedvirkere i Helse Bergen (PDF).
Det skal utpeikast personlege vara for brukarrepresentantane. Vararepresentantane kan delta som observatørar i dei organa dei er vald inn i, og honorerast på lik line med faste representantar.
3.2.3 Arbeidstakarrepresentantar
Det skal vere arbeidstakarrepresentasjon utpeika frå kommunal- og statleg sektor i strategisk samarbeidsutval og i områdeutvala.
Hovudsamanslutningane skal utpeike ein representant og ein vararepresentant til SSU og dei fire områdeutvala.
Det er viktig at representantane har kunnskap om helse- og omsorgstenestene, og samhandlinga mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.
For områdeutvala gjeld følgjande:
- Representanten og vararepresentanten skal utpeikast frå høvesvis kommunal- og statleg sektor, og alternera roller annakvart år.
- Vararepresentanten kan delta som observatør.